Fleire kjenner seg utanfor på skulen
Dobbelt så mange elevar som i 2003 føler dei ikkje passar inn på skulen, ifølgje Pisa-tala som blei lagt fram i førre veke.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
PISA-undersøkinga viser at norske 15-åringar gjer det klart betre i naturfag, matematikk og lesing enn for tre år sidan og er blant dei beste i OECD i lesing.
Men samtidig viser undersøkinga at stadig fleire seier dei blir haldne utanfor og at dobbelt så mange som i 2003 føler dei ikkje passar inn, ifølgje Aftenposten. I tillegg svarer færre elevar at dei lett får venner.
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) fortel at det kjem ein eigen rapport til våren, der PISA-forskarane går inn i desse spørsmåla.
– Dette er ein heilt avgjerande del av skulen. Vi har ikkje ein god skule viss elevane blir flinkare i matematikk og fleire blir mobba.
Elevorganisasjonen meiner PISA viser at vi går mot ein skule der elevane presterer noko betre, men der færre trivest og der skulemiljøet blir stadig dårlegare.
– Dette er uakseptabelt, og vi forventar at resultata om trivsel og mobbing blir tekne på like hardt alvor som resultata om matematikk, lesing og naturfag, seier leiar Sylvia Lind. (©NPK)