«Skam» klar for USA

NRK bekreftar at det vert ein ny sesong, og at «Skam» er solgt til det amerikanske markedet. 

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er i gang med å planleggja fjerde sesong no, seier Håkon Moslet, redaksjonssjef i NRK P3 til NRK.

Nyheitskanalen skriv også at britiske Simon Fuller har kjøpt rettane til å produsere ein internasjonal versjon av «Skam». Den amerikanske versjonen kan kome allereie i 2017. 

Fuller er mannen bak «American Idol» og «So You Think You Can Dance» og var manager til popgruppa Spice Girls. 

– «Skam» har potensial til å bli ein innflytelsesrik serie i Nord-Amerika, der vi ikkje har noko liknande. Det viser at Noreg og Skandinavia er i front på innovasjon og kreativitet, og eg er stolt av å vere med på å gjere «Skam» tilgjengeleg for eit mykje større publikum enn i dag, seier Fuller til NRK.

Også New York Times omtalar saka, og skriv mellom anna at den engelskspråklege versjonen vil ha nye karakterar og skodespelarar, men vil følgje seriens format, og få råd frå NRK.

– It’s crazy, sa Julie Amdem om samarbeidet med det amerkanske produksjonsselskapet, til New York Times.

Les meir om «Skam» her!