Bokmålsforbundet skuldar Mållaget for svindel og juks

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter at planen om Vestlandsregionen blei sendt på høyring i haust, har Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fått inn 858 høyringssvar. Heile 705 av dei tar til orde for at eit eventuelt nytt storfylke må velja nynorsk som administrasjonsspråk, ifølgje Nynorsk kultursentrum.

No skuldar Bokmålsforbundet Noregs Mållag for å ha manipulert høyringsrunden. I ein klage som er sendt til dei tre vestlandsfylka bed dei politikarane sjå vekk frå heile høyringa (pdf).

Grunnen er at Mållaget har drive kampanje for å få flest mogleg til å senda inn høyringssvar, noko Bokmålsforbundet kallar svindel og fusk for å blåsa opp nynorsk-støtta.

Noregs Mållag avviser skuldingane.

– Dette er feilinformasjon og oppspinn frå Bokmålsforbundet, seier mållagsleiar Magne Aasbrenn.

LES OGSÅ: Fleirtal for nynorsk i høyringsrunden

– Politikarane blir lurte
I klagen trekk Bokmålsforbundet fram at både mållag og mållagsmedlemer har sendt inn høyringssvar, og at nokre svar har likelydande bodskap. Nokre av høyringssvara kjem også frå andre delar av landet. Dette skapar eit falskt inntrykk av at det er fleirtal for nynorsk i regionen, meiner formann i Bokmålsforbundet, Steinar Øksengård.

– Det er eigentleg bokmålsfleirtal i dette distriktet, det viser statistikken, seier Øksengård til Framtida.no.

– Eg antar vitsen med høyringa er å finne ut kva folk meiner. No får ein stor påverknad frå mindretalet, slik at det ser ut som at det er eit valdsamt overskott av nynorsk-støtte i distriktet. Men det er jo ikkje riktig. Det er tvert imot eit stort bokmålsfleirtal. Då blir jo politikarane som skal bruka høyringa lurte.

Mållaget meiner derimot kampanjen dei har drive berre er vanleg politisk aktivitet.

– Me er berre stolte og krye av at me har klart å engasjera folk. Det er dette demokrati handlar om, seier seier Magne Aasbrenn.

Han peikar på at også til dømes dei språknøytrale kommunane Bergen og Askøy har gitt støtte til nynorsken i høyringa.

LES OGSÅ: Vestlandsregionen heng i ein tynn tråd når Rogaland seier nei

– Utruleg mange mållag
Ifølgje eit oversyn Nynorsk kultursentrum har laga (pdf), kjem 113 av dei 858 høyringssvara frå organisasjonar og institusjonar som jobbar for nynorsk. Berre tre kjem frå bokmålsorganisasjonar.

550 høyringssvar er sendt inn av privatpersonar. Mållaget opplyser at litt over halvparten av desse kjem frå mållagsmedlemer, så langt dei har fått talt opp.

Bokmålsforbundet antydar i klagen at nokre av mållaga som har sendt inn høyringssvar, kan ha blitt oppretta berre for dette høvet.

– Der har eg sett spørjeteikn, for det er ein påstand eg ikkje veit om er riktig. Men det er jo utruleg mange mållag som har sendt svar, og eg har i alle fall aldri sett nokon stad at det finst så mange mållag. Men det er mogleg, det innrømmer eg at eg ikkje har nokon konkret dokumentasjon på, seier Steinar Øksengård.

Mållaget avviser påstanden.

– Me har så klart oppmoda medlemslaga våre om å senda høyringssvar, men ingen av laga er oppretta til dette høvet. Det er berre å finne tidlegare årsmeldingar, seier Magne Aasbrenn.

LES OGSÅ: Sogn og Fjordane sa ja til Vestlandsregionen

Samanliknar med kriminalitet
Til slutt i klagen samanliknar Bokmålsforbundet kampanjen frå Mållaget med ein tidlegare episode med medlemsjuks i Norsk målungdom. I 2003 blei organisasjonen dømt til å betala tilbake statsstøtte dei hadde fått på ulovleg vis, og seks enkeltpersonar blei dømt til kortare fengselsstraffer.

– Det er i same gate. Det er ei manipulering med informasjon som politikarane treng for å ta ei avgjerd. Sist var det manipulering med medlemslister for å få meir økonomisk støtte, denne gangen er det manipulering for å få nynorsk i Vestlandsregionen, seier Steinar Øksengård.

– Meiner du Mållaget kan ha gjort noko kriminelt, sidan du trekk den samanlikninga?

– Nei, det trur eg ikkje, og det seier eg heller ikkje. Men politikarane må i alle fall setja spørsmålsteikn ved resultatet av denne høyringa.

Mållaget likar ikkje samanlikninga.

– Det er synd at dei drar medlemsjuks-saka til Norsk Målungdom frå 2003 inn i dette. Der kunne dei vore meir presise. Noregs Mållag har aldri drive med medlemsjuks, og dette ser ut som medviten feilinformering frå Bokmålforbundet si side, seier Magne Aasbrenn.

Her kan du lesa heile klagen frå Bokmålsforbundet (pdf).

LES OGSÅ: Sterke reaksjonar mot Vestlandsregion utan nynorsk

Meir stoff om Vestlandsregionen finn du her!