Ein norsk amatørforskar har funne 500 støvkorn frå verdsrommet.

mm

Jon Larsen, som driv Project Stardust, har saman med britiske forskarar leita gjennom 300 kilo botnfall frå takrenner i Oslo og Paris. Ved hjelp av sterke magnetar og mikroskop har teamet funne over 500 støvpartiklar frå verdsrommet, kalla mikrometeorittar. 48 av mikrometeroittane har blitt undersøkt i detalj. Støvpartiklane stammar truleg frå då verdsrommet vart til, for 4,6 milliardar år sidan, skriv New Scientist.

Tidlegare har forskarane vore usikre på om det var mogleg å finne mikrometerorittar i byar, særleg fordi det er vanskeleg skilje dei frå indurstielle og menneskeskapte støvpartiklar. 

– Då Jon først kom til meg var eg tvilsam, seier Matthew Genge, professor ved Imperial College i London, til New Scientist.

Avgjersla om at mikrometeorittane er frå verdsrommet er basert på mineralinnhald, form og likskap til andre støvpartiklar frå verdsrommet. 

Historie om verdsrommet
Tidlegare har mikrometeorittar blitt oppdaga der det er svært lite støv laga av menneske, slik som på havbotnen og i isen på Antarktis. Mikrometeorittane på desse avsidelsiggande plassane er små, med ein diameter på 0.01 millimeter. Støvpartiklane frå verdsrommet som no er oppdaga i norske takrenner er noko større, om lag 0.3 millimeter i diameter.

Forskarane trur at mikrometeorittane har falle ned på jorda dei siste 6 åra. Skilnaden i form og samansetning samanlikna med dei som har blitt funne tidelagre, kan bidra til å forstå korleis planetar i solsystemet vårt har flytta seg over tid, og gjort at tyngdekreftene har endra seg.

Les også om dei unge svenskane som skal måla elektriske felt på månen!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE