Over 40.000 har meldt seg ut av kyrkja i år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

40.000 har meldt seg ut av kyrkja

Dermed ligg nettotalet for utmeldingar av kyrkja på 38.000 personar ved utgangen av november i år. Det går fram av tal Den norske kyrkja la fram torsdag.

Toppmånaden for utmeldingar var august, då melde 25.743 personar seg ut.

Årsaka er at det 15. august blei lansert ei løysing som gjorde det mogleg å ordne med ut- og innmelding på nettet.

Ved inngangen til 2016 hadde kyrkja 3,8 millionar medlemmer, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Det svarer til 73 prosent av befolkninga. Delen medlemmer i forhold til folketalet har falle med 4,4 prosent dei fire siste åra. Delen døypte av delen fødte ligg på 57,8 prosent.

Innmeldingstala omfattar ikkje årets døypte, rundt 34.000 barn, men berre innmelde som er døypte i eit anna kyrkjesamfunn og personar som melder seg inn etter tidlegare å ha vore utmelde. (©NPK)

Les også: Opninga for homo-bryllaup gav ikkje medlems-opptur for kyrkja