Regjeringa stoppa Forbrukarrådets plan om ein app med matvareprisar. No blir appen Peiling lansert, med berre næringsinnhald og ingrediensar.

NPK-NTB
NPK-NTB

Forbrukarstyresmaktene har jobba med ny daglegvareportal sidan 2015, og har laga ein database der all informasjonen ligg, skriv NRK. To millionar kvitteringar frå kjedene går kvar dag inn i databasen og appen er ferdig, men Regjeringa greip inn i førre månad.

– Vi har alle prisane hos oss. Vi kunne gitt eksakt prisinformasjon til kundane, seier Randi Flesland, direktør i Forbrukarrådet. Men næringsministeren sette foten ned. Regjeringa meiner det ville svekkje konkurransen om prisane blei offentleggjorde og støttar seg til råd frå Konkurransetilsynet.

– Vi trur prisane blir likare og at kjedene samarbeider meir viss alle prisane kjem med i ein slik portal, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Kjedene undersøkjer likevel prisane til kvarandre, og direktøren i Forbrukarrådet meiner det er rart at ikkje prisane kan visast for forbrukaren.

– Vi meiner det er rart dette er den einaste bransjen der prisen ikkje kan visast for forbrukaren. Faktisk er det slik at forbrukaren er den einaste som ikkje kjenner prisane, seier Flesland.

LES OGSÅ: Fleire bruker kredittkort til kvardagshandling

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

ANNONSE