Bilete frå spennande ekspedisjonar i sosiale medium gav Andreas Antonsen draumejobben. No skal han leva av å senda andre til fjelltoppar verda over.

Elisabeth Berg Hass, Kvinnheringen
Elisabeth Berg Hass, Kvinnheringen

Artikkelen er henta frå Kvinnheringen.

Heile tre gonger har Andreas Fjellandsbø Antonsen frå Husnes i Hordaland vore på toppen av Kilimanjaro. Tidlegare i år var 24-åringen òg på Island Peak i Nepal. Han seier aldri nei til å reisa, og har besøkt over tretti land. Gjennom sosiale medium lar han fleire få ta del i ekspedisjonane ved å formidla opplevingar og dela flotte bilde. Det har blitt lagt merke til:

– Eg blei kontakta av firmaet Topp Afrika, som er ein av dei største i landet på toppturar til Kilimanjaro. Dei ønskte å prøva noko nytt på sida av det dei gjer i dag, og inviterte meg med på laget. Det tok eg som ei stor ære, og eg trong ikkje tenkja meg lenge om før eg svarte ja, fortel Andreas.

Det nystarta firmaet har fått namnet Ekspedisjonsreiser AS, og er 50 prosent eigd av han og 50 prosent av Topp Afrika. Andreas skal vera dagleg leiar, og får med seg to medarbeidarar som skal jobba frå sine heimplassar.

– Vi skal tilby spennande reisemål over heile verda, og er godt i gang med å laga turprogram. Eg har vore på messe i London for å snakka med samarbeidsaktørar, og har fått på plass gode avtalar med seriøse lokale turselskap og guidar ved ulike reisemål. Går alt etter planen er det full rulle frå januar av, fortel han.

Turar for alle
Turmåla til Ekspedisjonsreiser blir i første omgang Kilimanjaro, trekkingturar i Nepal, tur til det høgaste fjellet i Europa – Elbrus, samt Inca Trail i Peru. Også Mongolia, Grønland, Butan og Korsika står på lista over stader dei vil la kundar oppleva. Lenger fram i tid ser dei òg føre seg å arrangera toppturar i Norge.

– Fjellturar blir hovudspesialiteten, men vi låser oss ikkje heilt til det. Vi vil skreddarsy turar som inneheld kjekke opplevingar både på bakken og på fjellet. Og vanskegraden på fjellturane vil variera litt, sånn at det skal vera mogleg for dei fleste å finna seg ein tur som passar, forklarer han.

I hovudsak vil Andreas og co. nytta lokale turguidar for kundane sine. Men innimellom vil han arrangera gruppereiser som han sjølv eller medarbeidarane er med på.

– Den største bonusen med denne jobben er sjølvsagt at eg får gjera hobbyen min til levebrød. Eg har alltid drøymt om å kunna leva av reise, og no får eg høve til det, smiler han.

I løpet av 2017 reknar han med at det blir rundt 5-6 utanlandsreiser på han sjølv, deriblant ein tur på fjellet Elbrus i Russland, samt til Butan og til Marokko.

– Eg har verkeleg fått draumejobben, slår han fast.

Les meir i Kvinnheringen!

LES OGSÅ: Disney søkjer nye turistguidar i Sogn

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

ANNONSE