Disney søkjer nye guidar i Sogn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Disney søkjer guidar i Sogn

Saka var først publisert i Porten.no. 

Lærdal/Aurland: Den amerikanske underhaldningsgiganten har eit eige reiseselskap, Adventures by Disney, som arrangerer eksklusive turar over heile verda.

Den store suksessen til filmen «Frozen», som var inspirert av norsk natur og tradisjonar, gjorde at dei i 2014 starta opp turar i Norge, der fjordlandskapet i Sogn er ein viktig del av pakka.

No ser dei seg om etter to norske guidar som skal ta med turistar på opplevingar i mellom anna Undredal, Flåm, Aurland, Borgund og Fjærland. Dei to som har hatt jobben skal nemleg gje seg. Ein av dei er Torgeir Skjerdal frå Aurland, som no er klar til å gje stafettpinnen vidare. 

– I tillegg til å vere guide, så skal du vere reiseleiar og sørge for at alt går som smurt. Du får vere med på absolutt alle aktivitetane, noko som eg elskar, som rafting i Voss og fjordsafari i Flåm. Det har vore heilt rått å få oppleve og eg har blitt kjent med utruleg masse spanande menneske, seier han.

Les også: «Frost» blir Broadway-musikal 

Ettertrakta jobb i USA
Han fortel at dei komande guidane må vere budde på å reise til USA for å få opplæring på Disney University i Orlando. Der får du lære om både Disney og korleis du skal ta vare på gjestane. Skjerdal fortel at det er normalt er eit svært trangt nålauge for å få ein slik sjanse.

– I USA er det fleire tusen som søker på desse jobbane. Så me var veldig stolte då me fekk den, seier han.

Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord seier at suksessen til filmen har hatt mykje å seie for satsinga på den amerikanske turistmarknaden.

– Heile den «Frozen»-koplinga til Norge, til fjordane og vårt område, har hatt veldig stor betyding. Me har hatt veldig sterk vekst i USA sidan dette byrja for tre år sidan, heile 40-50 prosent dei siste to åra. Det kjem i tillegg til cruisetrafikken, seier han.

Les innlegget: Ei kald skulder frå Disney 

– Disney har vore ein isbrytar
Det er ingen tvil om at Disney satsar på den eksklusive delen av marknaden. Prisane på turane til Norge ligg i overkant av 5000 dollar, omlag 45 000 kroner etter dagens kurs. Her får dei reisande gå i fotspora til regissørane og oppleve brygga i Bergen, verdsarven i Nærøyfjorden, lære norsk folkedans, besøke stavkyrkjene, rafte og sjå breane på nært hald.

Brandshaug seier Disney har vore ein isbrytar for at ein større del av den amerikanske marknaden har fått augo opp for det Sogn har å by på.

– Satsinga vår på USA handlar om meir enn Disney og «Frozen». Men det at filmen fekk så stor merksemd og at dei framleis satsar på desse turane, har slått veldig positivt ut for oss. Disney er ein stor aktør med eit sterkt merkenamn som blir lagt merke til internasjonalt, seier han.