Kvinnelege leiarar heng meir og meir etter

Kvinnelege leiarar tener framleis berre to tredelar av det mannlege leiarar gjer, og i fleire sektorar har lønnsforskjellane auka, viser ei ny undersøking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvinnelege leiarar sakkar akterut

– Ei urovekkjande utvikling. Sånn skal det ikkje vere, seier direktør Berit Svendsen i Telenor Norge til Aftenposten.

I snitt tente kvinnelege leiarar 177.500 kroner mindre i året enn mannlege, viser Norsk Leiingsbarometer 2016. Det er basert på ei undersøking blant medlemmene i fagforeininga Leiarane, og målinga er gjort årleg sidan 2010. Over 3.000 har svart på undersøkinga.

Heiltidstilsette kvinner i Noreg har i snitt ei lønn som er 87,7 prosent av årslønna til mennene, men for kvinnelege leiarar er forskjellen større. I 2015 tente dei 76,3 prosent av det mennene tente, og berre 16 prosent av dei som er med i undersøkingane, fekk utbetalt bonus, mot 27 prosent av mennene.

LES OGSÅ: – Kvinnelege toppsjefar er mangelvare i næringslivet, seier Erna Solberg

Frå 2014 til 2015 har lønnsforskjellane totalt sett auka med 5,5 prosentpoeng.

Forskar Eivind Falkum ved Arbeidsforskingsinstituttet, som har gjennomført undersøkinga, seier kjønnsfordelinga i ulike bransjar er ei forklaring på den aukande forskjellen. Ei anna forklaring kan vere at fleire toppleiarar enn tidlegare har svart på undersøkinga i år.

Han strekar også under at ein ut frå tala i undersøkinga ikkje kan seie noko om eventuelle lønnsforskjellar mellom kvinner og menn som utfører same jobb, berre når det gjeld type leiarstilling og bransje.

LES OGSÅ: Likestilling gir betre livskvalitet for menn