Dubie Toa-Kwapong
Publisert
Oppdatert 02.08.2017 14:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

This voice, this particular voice

Yes, you’ve heard it before, before

And so don’t you dare tell it

Don’t you dare tell it otherwise

Condolence, Benjamin Clementine
 

Paul McCartney sat i publikum den dagen. McCartney fann Clementine bak scena etter framføringa og fekk den unge musikaren til å love at han kom til å halde fram med kunsten.

Clementine hadde ikkje hørt om Nina Simone før samanlikningane til den legendariske songaren og pianisten. Han hadde i staden lenge vore inspirert av Erik Satie, Luciano Pavarotti, Leonard Cohen. Han vaks opp i Edmonton, ein forstad utafor London. Clementine var den yngste av fem sysken i ein britisk familie med røter i Ghana. Barndommen var ulukkeleg og konfliktfylt, men i ein ung alder fann han glede i einsemd og pianospeling. Musikk var ikkje tillate i barndomsheimen, men ein dag kom broren heim med ein keyboard og slik byrja Clementine sitt musikalske eventyr.

Som 17-åring forlot han familien og reiste til Paris. Her fann han meir inspirasjon i musikken til Edith Piaf og Léo Ferré. Han var heimlaus og sov hos venner, medan han jobba med musikken og spela på Metroen. Med støtta av franske musikkprodusentar, Lionel Bensemoun og Matthieu Gazier byrja han å spele på festar og hotellbarar. Med Bensemoun og Gazier fekk Clementine spele inn ein EP-en som førte han til Jools Holland scena, framføringa som sat Clementine på det musikalske kartet.

Eg var heldig å få sitje i publikum under ein Benjamin Clementine konsert på Cedar Cultural Center i Minneapolis i juli. Rommet var mørkt. Clementine sat barbeint framfor pianoet og spelte kjende songar som «Cornerstone», «Condolence» og «London». Medan den kraftfulle nesten overnaturlege stemma fylte rommet, sat publikum i ærefrykt. Repertoaret verka upretensiøs og ærleg. Clementine tok lange pausar i mellom kvar song. Han verken forklarte eller presenterte songane. Publikum fekk sitje i stillheit og ta musikken inn over seg. Når han var klar igjen, vende han sjel, stemme, og hender til ein ny song.

Halvvegs gjennom konserten stogga Clementine og såg ut på publikum. «Eg vert så nervøs når eg ikkje kan sjå ansikta til dei eg spelar for,» seier han. «Eg har det mykje betre når lysa er på. Då kjennest det som at eg spelar for venner.» Lysa kom på og han inviterte oss til å dele ord som skildra Minneapolis, så han kunne improvisere ein song. Som forventa vart namnet til Prince nemnd. «Eg respekterte han, men var aldri ein stor fan.» Hadde ein annan musikar sagt dette i heimbyen til Prince Rogers Nelson, hadde reaksjonen til publikum sannsynleg vore negativ. Men Clementine hadde sjarmert Minneapolis, og fekk sleppe unna med denne kommentaren.

Les fleire musikktips her!