Stortinget ber regjeringa sjå på fråværsreglane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innstramminga av dei nasjonale fråværsreglane for vidaregåande skular, som blei innført i haust, har skapt mykje debatt. No ber Stortinget om at regjeringa vurderer justeringar.

Etter dei nye fråværsreglane kan elevane ha maksimalt ti prosent fråvær i kvart fag. I spesielle tilfelle kan rektor godkjenna fråvær inntil 15 prosent.

På bakgrunn av erfaringane så langt, ber Stortinget no regjeringa vurdera om reglane bør gjerast litt meir smidige.

– Særleg bør det vurderast større moglegheit for skjøn for skuleeigarar, eigenmelding frå foreldre/føresette eller myndige elevar ved sjukdom eller andre velferdsgrunnar, og at køyreopplæring som må skje i skuletida, kan gje rett til fråvær utan at det påverkar vurderingsgrunnlaget, heiter det vedtaket.

Vil kvitta seg med heile grensa
Anna Sofie Ekeland Valvatne (bildet) er styremedlem i Hordaland SU og tok initiativ til elevstreiken mot fråværsgrensa no i vår. Ho synest at det er veldig bra at Stortinget ser at dagens fråværsreglar er langt frå optimale.

– Mykje av det som står i vedtaket er veldig bra. Eg meiner likevel at det aller beste hadde vore å fjerne heile grensa og byta den ut med noko anna. Elevane og lærarane kunne kanskje vore med å utforma noko, og ikkje berre politikarar i Oslo? Personleg meinar eg at flexitid er ei god ordning, og det å sørgja for at elevane har det bra på skulen. Det er ikkje slik at anten har ein det gøy og bra, eller så lærer ein. Det går an å gjera begge deler samstundes! seier ho i ein kommentar til Framtida.no.

KOMMENTAR: Kva gjer vi med elevar som slit psykisk, men som ikkje er sjuke nok?

Fråværet har gått ned
Tilbakemeldingar Utdanningsforbundet har fått har vist at fråværet i vidaregåande skule har gått mykje ned etter dei nye fråværsreglane blei innførte, men forbundsleiar Steffen Handal meiner likevel det er for tidleg å seia noko sikkert om korleis ordninga verkar.

– Først når dette har vore prøvd ut ei stund og det ligg føre ei evaluering, kan vi seia noko sikkert om korleis denne ordninga faktisk fungerer, seier han i ei pressemelding.

Handal meiner elles det er viktig å finna gode ordningar som lettar arbeidet til lærarane med å administrera fråværsgrensa.

– Det finst interessante løysingar i nokre fylke allereie. Til dømes har Telemark utvikla ein eigen app, seier Handal.

LES OGSÅ: Fråværsgrensa skaper kaos på legekontora

Røe Isaksen: – Ikkje gift med kvar bokstav
Under debatten i Stortinget viste kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til at det kunne vera klokt å få meir erfaring med korleis det nye regelverket fungerer, før ein endrar noko, men samtidig sa han:

– Det er ikkje slik at eg som statsråd er gift med kvar einaste bokstav i regelverket, så justeringar kan vera aktuelt.

Faktaboks

DEN NYE FRÅVÆRSGRENSA:

► Fram til 2009 opererte fleire skular med ei lokal fråværsgrense på 10, 15 eller 20 prosent, men den lokale fråværsgrensa blei oppheva av dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV).
► Rekordhøgt fråvær på norske vidaregåande skular skapte ny debatt, og på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennomførte Utdanningsdirektoratet i fjor ein høyringsrunde der 70 prosent av dei spurde sa at dei ønskte ei fråværsgrense.
► I år vedtok Regjeringa ei fråværsgrense på 10 prosent som skulle gjelda frå skuleåret 2016/2017. Rektor kan i spesiell tilfelle godkjenna fråvær på inntil 15 prosent.
► Gyldige grunnar for å vera vekke frå skulen er:
► Helse- og velferdsgrunnar, arbeid som tillitsvalt, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagt oppmøte, representasjon i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå, t.d. idrett, religiøse høgtider for elevar som er medlem av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja.