Norsk partivekst etter USA-valet
SV opplever Trump-effekt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Trump-effekt for norske parti
Det amerikanske valet kan ha ført til at mange no vil engasjere seg i politikk, seier SVs partisekretær Kari Elisabeth Kaski til Dagsavisen.
– Vi har hatt jamn medlemsvekst dei siste to åra, men det har lege langt lågare enn dette. Eg meiner tala har ein heilt klar samanheng med valet i USA. Eg trur mange opplever ein uro for framtida og ønskjer å få utløp for dette ved å engasjere seg, seier Kaski.
Valforskar Johannes Bergh synest det er interessant at norske parti opplever medlemsvekst etter USA-valet
– Det verkar plausibelt at det er ein Trump-effekt i norsk politikk. Det har vore enorm interesse for det amerikanske valet i Noreg, og det er eit val som har synleggjort politiske motsetningar i USA, men kanskje også her heime, seier Bergh og legg til:
– Når politisk konflikt og motsetningar blir synleggjort, engasjerer det. Konsensus skaper ikkje den same mobiliseringa.
Bergh er ikkje overraska over at SV er det partiet som merkar den største Trump-effekten.
– SV har vore det partiet som har fronta sterkast avstand til USA. Då er det ikkje så utenkjeleg at dei opplever mest vekst, seier han.
SV har fått inn over 200 nye medlemmer dei siste to vekene. Men også Arbeidarpartiet, Venstre, Senterpartiet KrF og Frp har hatt medlemsvekst. Høgre er det einaste partiet som har fått færre medlemmer i det siste, ifølgje Dagsavisen. (©NPK)