Gåta om vikinghøvdingen Rollos opphav blir verande uløyst.

NPK-NTB-Mette Estep
NPK-NTB-Mette Estep

Norske forskarar testa skjelettrestar som skulle vere frå etterkommarane hans, men som viser seg å vere langt eldre enn Rollo.

Vikinghøvdingen Rollo var grunnleggjar av Normandie og stamfar til det britiske kongehuset. I mange hundre år har det vore diskutert om han opphavleg var frå Danmark eller Noreg, spesielt om han kunne vere landsforviste Gange-Rolv frå Møre. I mars fekk ein norskstyrt delegasjon opne sarkofagen til to av Rollos etterkommarar, hertugane Richard I og Richard II, for å teste kvar DNA-et deira stammar frå:

– Desse skjeletta har ingenting med Rollo å gjere. Skjeletta i sarkofagen er nemleg mykje eldre, det eine frå 250– 300 år før vår tidsrekning og det andre frå rundt år 700, altså før vikingtida, seier historikar og initiativtakar til prosjektet Sturla Ellingvåg i Stiftelsen Explico til NTB.

Gravopning
Ein trudde at likrestar av Rollos barnebarn og oldebarn, hertug Richard den fryktlause og sonen hertug Richard den gode, skulle liggje gravlagde i golvet i eit kloster i franske Fécamp. Etter sju års arbeid innvilga franske styresmakter og den franske kyrkja i januar den norske søknaden om å opne grava. I ein sarkofag i golvet fann forskarane blant anna ein underkjeve med åtte tenner.

Prosjektdeltakarane vart svært overraska då skjeletta viste seg å vere mykje eldre enn personane dei etter sigande skulle høyre til, sjølv om det ikkje er heilt uvanleg at innhaldet i graver ikkje stemmer overeins med namnet over:

– Vi veit at mange byar i Nord-Europa flytta på kyrkjegardar og kyrkjer etter at vikingane starta med plyndringane sine, og mange kyrkjer måtte også byggjast opp att. Men feilen ligg uansett mange hundre år tilbake i tid, seier Ellingvåg, som vart spesielt overraska over at dei to mennene viser seg å ha levd så langt tilbake som før vår tidsrekning og før vikingtida.

Uløyst
Sidan skjelettrestane var såpass gamle og har vore oppbevart i blybehaldarar var det ikkje mogleg å få ut DNA og dermed finne ut kvar dei kan ha komme frå:

– Den eldste mannen er ein god del eldre enn byen Fécamp, og vi kan berre spekulere i om dette kan vere ein førromersk keltisk høvding, seier Ellingvåg.  

Gange-Rolv var son av Ragnvald Mørejarl og vart forvist frå Noreg. Han skal ha busett seg i Frankrike. Norsk-islandsk historie hevdar at han og Rollo var ein og same person, medan danske historikarar meiner Rollo kom frå Danmark. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE