Mindre elektronika, indie tilbake i byLarm

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kanskje byrjar elektronikadominansen å minke litt blant dei yngre artistane. Det tyder iallfall bidraga til neste års byLarm på.

Juryen har lytta gjennom 1.300 innsende bidrag og valt ut 23 band eller artistar som skal spele på tjueårsjubileet til byLarm 2. til 4. mars.

Bookingsjef Joakim Haugland noterer «eit svært høgt nivå», og at det er eit sjangerskifte på gang.

– Ein generell tendens er at den veldige dominansen frå elektronisk musikk ser ut til å minke noko, samtidig som indiepop og indierock ser ut til å kommetilbake, seier Haugland. 

Dette er dei 23 utvalde unge og håpefulle som får sjansen i mars:

9 grader nord, Andreas Doif, Conz, Endlings, FOAMMM, Hysj, Jakob Ogawa, Jenny Konradsen, Jimi Somewhere, Junk Machine, Kajander, King Skurk One, Linda Vidala, Living, Marie Sahba, Niilas, Pasha, Pikekyss, Ponette, Posterboys, PURPURRPURPLE, Trist Pike og Wonder The Boy. (©NPK)