– Kvalmande dobbeltmoral
Fredric Holen Bjørdal reagerer på regjeringsutspel om netthat.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) reagerer på at regjeringa legg fram strategien sin mot hatefylle ytringar samtidig med at han meiner Frp-statsrådane Sylvi Listhaug og Per Sandberg tillét slike ytringar på sine eigne Facebook-sider.
– Det fløymer over av faenskap, hets og hatretorikk på Frp-statsrådane sine Facebook-sider. Kommentarar der innvandrarar blir omtala som apar, afrikanarar som fødemaskiner og det blir antyda støtte til «borgarkrig» – dette er berre noko av det som har fått ligge ute på Listhaug og Sandberg sine profilsider, utan at dei har tatt til motmæle, skriv Bjørdal på Facebook-profilen sin før han held fram med å seie at dette er så dobbeltmoralistisk at det er til å bli kvalm av.
LES OGSÅ: «Du gjer meg kvalm»
Overfor Sunnmørsposten, som omtalte saka først, presiserer Bjørdal at han er positiv til at regjeringa legg fram ein strategi på hatretorikk og hets på nett, men at han reagerer på det han meiner er dobbeltmoral.
Parlamentarisk leiar Harald T. Nesvik i Frp seier til avisa at han synest Bjørdal legg seg på eit lågt nivå i denne diskusjonen.
– Me forsøker å reinska opp i våre offisielle sider heile tida. Der finn me òg upassande kommentarar frå Ap-tilhengarar. Den førre regjeringa tok ikkje tak i problemet med netthets, så det er trist at han angrip ei regjering som faktisk har fokus på problemet, seier Harald Tom Nesvik til smp.no.
LES OGSÅ: Til kamp mot netthatet