Globalskolen kjempar for framtida

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gunnar Strøm (SV) meiner regjeringa sitt forslag om å fjerne støtta til Globalskolen er feil. I SV sitt alternative budsjett har dei lagt inn dei 12 millionane som regjeringa ville fjerne frå neste haust.

Rektor ved Globalskolen, Lilly Brenne Røv, er svært glad for dette.

– Vi vart overraska over at dei ville kutte heile tilskotet vårt. Kunnskapsministeren og Høgre meiner foreldra skal betale for skulegangen sjølve. Eg trur dei har eit bilde av at dei som bur i utlandet er ressurssterke menneske i store norske selskap, men det er ikkje heile bildet. Vi har alle typar folk. Her trur eg ikkje at dei har skjønt konsekvensane av framlegget sitt. Det første eg tenkte då eg høyrde det var at vi må legge ned heile drifta. No ventar vi spent på kva regjeringa seier.

Lilly Brenne Røv legg vekt på at barn som bur i utlandet, ofte vil vere ein stor ressurs den dagen dei kjem tilbake til Noreg.

– Ofte snakkar dei både to og tre og fire språk. Slik verda er laga i dag, er dette noko mange store verksemder etterspør. Arbeidstakarar med fleirkulturell kompetanse, med forståing for eit anna land, andre kulturar og språk er ein ressurs, og då er desse 12 millionane ein liten sum, som heilt sikkert betalar seg sjølv på sikt.

Marit Aklestad (SV) håper at regjeringa vil snu i saka.

– Globalskolen er samfunnsnyttig, om du er rik eller fattig, så har du eit viktig kontaktpunkt til heimlandet, og då er det også lettare å kome tilbake til ein norsk skule seinare. Det er viktig i ei global verd at norske elevar får undervisning i norsk språk og i norsk samfunn og kultur. Det handlar om å kjenne sitt eige i møte med verda, og lette overgangen når dei kjem heim. For meg er det ikkje eit spørsmål. Globalskolen må oppretthaldast.

Kompetanse
Globalskolen har hovudkontor i Volda, med 12 tilsette. Totalt har dei 27 personar på lønningslista. Per i dag deltek om lag 1.700 elevar fordelt på ca. 1.100 familiar busett i over 100 land. Globalskolen AS, eigd av AV-senteret AS og som er eigd av kommunane Volda, Vanylven, Sykkylven og Sande, er den klart største aktøren med ca. 1.460 elevar.

– Dette er kompetansearbeidsplassar, og det er heilt naturleg at dei ligg i Volda. Det er ein del av identiteten til bygda, når vi også ser at Høgskulen i Volda er på 3. eller 4. plass på landsbasis når det gjeld studentar som reiser på utveksling. Dette heng saman, seier Gunnar Strøm.

Lilly Brenne Røv opplever massiv støtte frå opposisjonen og foreldre tilknytt Globalskolen. – No er det berre å krysse fingrane for at vi vert høyrde.

Les saka i Møre-Nytt!