Betalar millionar for å sleppe rettssak

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag vart det kjent at Donald Trump, USAs neste president, har inngått forlik i rettsakene knytt til Trump University. Forliket er på 25 milllionar dollar, og inkluderer to gruppesøksmål og ei sivil sak, i tillegg til ei bot på éin million dollar.

Trump University vart i 2010 skulda for å ha lurt 6000 studentar med dyr undervisning som ikkje var offentleg godkjent. Saka prega også den amerikanske valkampen. Trump sjølv hadde følgande å seie på Twitter etter at forliket vart kjend:

Den påtroppande stabssjefen for Trump-administrasjonen, Reince Priebus, svarte på spørsmål om forliket i eit intervju med CNN:

«Høyr her, la oss kome oss vidare. Vi innrømmer ikkje å ha gjort noko gale. La oss berre starte å leie landet utan distraksjonar.»

LES OGSÅ: Kunne pressa ha stoppa Trump?

Flyttar merksemd på Twitter
Fredag var komande visepresident Mike Pence gjest på musikalen «Hamilton» i New York. Han vart møtt med buing frå publikum, og då showet var ferdig kom skodespelarane med ein appell til den framtidige visepresidenten.

Brodway-skodespelarane uttrykte bekymring over at Trump og teamet hans ikkje vil beskytte alle amerikanarar. Trump tok til Twitter for å be om orsaking frå skodespelarane, men Pence sjølv uttala at han ikkje vart støtt.

Andre påpeikar at Trump nytta høvet til å flytte merksemda frå hans eige forlik og over til noko anna.

LES OGSÅ: – Demokratiet vårt kan me ikkje ta for gitt

LES OGSÅ: «Eg blir redd når eg går på bussen og ser ein kvit mann med Trump-t-skjorte»