Kåra til den mest berekraftige banken
Framtiden i våre hender og Forbrukarrådet har rangert norske bankar i ein etisk bankguide.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kåra til den mest etiske banken
Cultura Bank er den mest etiske og berekraftige norske banken, ifølgje ei ny undersøking.
Framtiden i våre hender og Forbrukarrådet står bak undersøkinga etisk bankguide, der bankane blir målte på heile 1.012 kriterium. Med utgangspunkt i offentleg tilgjengeleg informasjon ser den mellom anna på om retningslinjene til bankane inkluderer tilslutning til internasjonale standardar på område som korrupsjon, skatt, klima, miljø og rettar.
Undersøkinga er lik den internasjonale Fair Finance Guide, som blei lansert i Nederland i 2009 og no finst i åtte land, skriv FIVH og Forbrukarrådet i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Grønt og etisk – også under juletreet
Verktøy
– Med denne guiden ønskjer vi å sette søkjelyset på etikknivået i bankane, som forvaltar enorme summar på vegner av norske kundar. Norske bankar kan ikkje plassere pengar i verksemder som bryt med etikk og berekraft, seier leiar Arild Hermstad i Framtiden i våre hender. Direktør Randi Flesland i Forbrukarrådet seier målet med guiden er å gi forbrukarane eit verktøy for å kunne samanlikne bankane
Mens Cultura Bank og Storebrand toppar undersøkinga, hamnar fleire sparebankar på botnen. Dei er kritiske til gjennomføringa og meiner undersøkinga treffer dårleg, skriv Aftenposten.
– Trist
– Det verkar for oss som om dette er meint for multinasjonale selskap, og ikkje ein norsk sparebank som opererer berre i Noreg, og under norsk lov, seier kommunikasjonssjef Stein Vidar Loftås i Sparebank 1 Nord-Noreg. Kollegaen hans Thor-Christian Haugland i Sparebank 1 SR-Bank synest det er trist viss undersøkinga gir inntrykk av at banken ikkje tek samfunnsansvaret alvorleg.
– Det er i så fall eit resultat av ein målemetode som ikkje er tilpassa norske sparebankar. Eg er nesten freista til å hevde at ei slik undersøking er meir villeiande enn rettleiande, seier han. (©NPK)
Faktaboks
Etisk bankguide (frå topp til botn):
Cultura Bank 97 %
Storebrand 76 %
KLP 65 %
Swedbank 55 %
Handelsbanken 51%
Nordea 43 %
DNB 40 %
Danske Bank 28 %
SpareBank 1 SR-Bank 18 %
SpareBank 1 SMN 7 %
SpareBank 1 Nord-Norge 7 %
SpareBank 1 Hedmark 7 %
SpareBanken Vest 7 %
Kjelde: Etisk bankguide (FIVH og Forbrukarrådet)