Dag 1 i Trump-land

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Muslimar, afroamerikanarar, latinamerikanarar, homofile og andre minoritetar møter rasistiske og hatefulle utsegn i kjølvatnet av Trump sin valsiger. Frå skular og universitet i landet kjem det talrike rapportar om unge, kvite menn som tek seg til rette, tydeleg inspirert av Trump sin valkamp.   

Rapportane om reaksjonane er i hovudsak samla av journalist Shaun King i New York Daily News. Sjå video nedst i saka. 

LES OGSÅ: Unge stemte på Clinton, kvite stemte på Trump

Demonstrasjonar mot Trump
Sidan valsigeren onsdag har demokratar demonstrert i fleire store amerikanske byar. I går rapporterte NRK at demonstrantar hindra trafikken i Los Angeles og at 5000 demonstrerte framfor Trump-tower i New York.

Fredag morgon rapporterer NRK om at politiet i Portland, Oregon prøver å få kontroll på valdelege demonstrantar.

Den nyvalde presidenten har kommentert saka på Twitter, der han gjev media skulda:

9 timar seinare tvitra den komande presidenten positivt om demonstrasjonane

LES OGSÅ: Låg veldeltaking sikra Trump sigeren

Sjå video frå ABCNyheter:

 

Sjå Twitter Moments frå Dag 1 etter valet av Trump her: