Vil innføra eit tredje kjønnsalternativ

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På Senterungdommen sitt landsmøte i helga gjekk ungdomspartiet inn for å innføra eit tredje kjønnsalternativ.

Nyvalt politisk nestleiar, Magnus Weggesrud, var ein av forslagsstillarane som kjempa for gjennomslag. Han kallar vedtaket ein viktig siger i likestillingas namn.

Nepal, India og Danmark
– Å innføra eit tredje juridisk kjønn er eit skritt i riktig retning for å anerkjenna alle dei som ikkje føler seg heime som anten mann eller kvinne. Å bli anerkjent for den ein er, er noko alle menneske har behov for. Ei juridisk anerkjenning er derfor noko som eigentlig burde vore innført for lenge sida, seier Weggesrud i ei pressemelding.

Han viser til at kring 20 prosent av verdas befolkning i dag bur i land der dei kan kryssa ut ein tredje kjønnskategori.

Nepal var i 2008 det første landet i verda som fekk tredje kjønn inn i grunnlova. Pakistan gjorde eit liknande vedtak i 2009 og i 2014 følgde folkerike India etter.

– Når land som Nepal, India og Danmark har dette, er det på tide at Noreg følgjer etter og gjer det same, meiner Weggesrud.

Han meiner at ein logisk konsekvens av ei slik lovendring, vil vera å innføra det kjønnsnøytrale pronomenet «hen» i det norske ordboka, slik svenskane allereie har gjort.  

LES OGSÅ: Forhistoriske kjønnsverdiar

Dei usynlege
Leiaren i Fri – Foreininga for kjønns og seksualitetsmangfald, Ingvild Endestad, er glad for at Senterungdommen går inn for eit tredje juridisk kjønnsalternativ.

– Me har eit kjønnsmangfald som er mykje større enn det som vert omfatta av kategoriane mann og kvinne, difor er det på tide med eit tredje alternativ. Etter at me tidlegare i år fekk ei ny lov, som gjorde at juridisk kjønn er opp til kvar enkelt å sjølv definera, er det nokon som framleis opplever at ingen alternativ passar. Slik sett vart ikkje denne lova noko stor endring for dei. Me vert registrert i kjønn, på mange ulike område i samfunnet. I dei fleste skjema er det usynleg at det finnast fleire enn mann og kvinne. Det gjer ikkje berre at mange vert feilregistrert, men at dei vert usynlege, understrekar Endestad.

Leiaren i Fri meiner det er spesielt viktig at ein sikrar at dei som fell inn ein tredje kjønnskategori ikkje mister rettigheiter, som følgje av dette.

I tillegg er ho oppteken av at me som samfunn må fokusera mindre på kjønn der det ikkje er relevant.

Ifølgje Endestad har mange ungdomsparti større kompetanse om kjønnsmangfald enn moderpartia. Difor meiner ho dei har eit spesielt ansvar for å utfordra og leggja press på dei vaksne politikarane.

– Fleire parti har ikkje teke stilling til det og diskutert det, så me er avhengige av at det skjer bevegelsar innad i partia. Når det gjeld Senterpartiet så var ikkje dei akkurat dei som gjekk i front på denne lovendringa, så der står det att ein stor jobb på haldningsendring og kunnskapsheving, seier Endestad.  

I april i år stemte Senterpartiet sine representantar og resten av Stortinget ned Venstre sitt forslag om eit tredje juridisk kjønn. Berre SV og Miljøpartiet Dei Grøne stemte for det korte forslaget: «Stortinget ber regjeringa innføra ein tredje kjønnskategori».

Jenny KlingeKlinge: – Ikkje negativ
Fram mot Senterpartiets landsmøte i mars neste år, lovar Senterungdommen å jobbe for å overtyde moderpartiet  om å endra standpunkt.

Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Jenny Klinge, tykkjer utspelet frå Senterungdommen er interessant. 

– Eg personleg er ikkje negativ  til å gjera det mogleg å velja eit tredje alternativ, men meiner det er behov for ei brei vurdering av kva praktiske konsekvensar det vil ha på andre felt. Det forslaget som kom ikkje med noko utgreiing, som gjorde mogleg ta stilling – verken for eller imot, meiner Klinge. (Pressefoto: nyebilder.no)

Ho meiner ein må sjå på kva praktiske konsekvensar ein ny kjønnskategori vil ha, utover informasjonen i pass og andre id-papir. Det kan vere krav om praktiske løysingar, som kjønnsnøytrale toalett, språklege krav og andre rettar, som det private og offentlege eventuelt må oppfylle.

Ho er på bølgjelengd med forfattarane bak «Rett til rett kjønn – helse til alle kjønn». Rapporten, som er laga på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, rår myndigheitene til å sjå nærare på spørsmålet om innføring av ein tredje kjønnskategori.

– Sjølv er eg oppteken av dei det gjeld. I den grad ei slik endring kan bidra positivt for dei, så meiner eg det er verd å vurdere. I denne saka ligg me ikkje bak dei andre, men på linje med stortingsfleirtalet. Kan hende er det ei sak som må modnast over tid, avsluttar Klinge.

LES OGSÅ: Ada Arnstad skal leia Senterungdommen