Listhaug vil senda migrantar tilbake til Afrika

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Listhaug vil senda migrantar til Afrika

Søndag blei det kjent at det tyske innanriksdepartementet går inn for å stoppa den farlege ferda til flyktningane og migrantane over Middelhavet ved å returnera dei som prøver å koma til Europa, til Afrika, skriv ABC Nyheter.

Forslaget kjem som ei følgje av at minst 4.200 menneske har mist livet så langt i år i forsøket på å ta seg over frå Nord-Afrika i skrøpelege farkostar.

Forslaget har fått støtte i Danmark – og no også av den norske statsråden.

– Eg meiner det er svært positivt om ein finn løysingar som gjer at ein trygt kan setja migrantane i land på den afrikanske sida, seier Listhaug, som meiner EU-grenseoperasjonen Frontex i Middelhavet har blitt ein del av bedriftsplanen til menneskesmuglarane.

– Dei sender ut utrangerte, overfylte og farlege båtar med lite vatn, lite mat, lite bensin og ein satellittelefon som migrantane kan nå den italienske kystvakta med for å bestilla redningsoperasjon, seier ho til ABC Nyheter.

– For å kunna hjelpa dei som har eit reelt behov for vern, er det heilt avgjerande at vi klarar å stoppa straumen av økonomiske migrantar over Middelhavet, seier ho vidare.

Så langt er ikkje forslaget lagt offisielt på EU-bordet frå tysk side. (©NPK)

LES OGSÅ: 5.700 barn og unge i asylmottak

LES OGSÅ: – Flyktningkriser kjem igjen og igjen til politikken blir endra