Donald Trump har fått mest merksemd i norske medium i den amerikanske valkampen. Men Barack Obama fekk 77 prosent meir omtale på same tid i 2008.

mm

Du klarer neppe å opna ei norsk riksavis utan å sjå Donald Trump eller Hillary Clinton. Både nettaviser, radio og tv er fulle av siste nytt frå den amerikanske valkampen.

Framtida.no har undersøkt på Retriever.no kor mange gonger presidentkandidatane er omtalt i norsk presse i år, samanlikna med valet i 2008.

Per 6. november var Donald Trump omtalt 26.301 gonger i norsk presse i 2016. På same tid i 2008 var Barack Obama omtalt 46.602 gonger. Det er 77 prosent meir enn Trump.

Hillary Clinton er omtalt 17.853 gonger per 6. november. Det er mindre enn i 2008, då ho måtte gje seg i primærvalet. Den gongen var ho omtalt 21.649 gonger.

LES OGSÅ: Sven Egil Omdal: Kunne pressa stoppa Trump?

Overrasking i VG
Nyhendesjef for utanriks i VG, Brynjar Skjærli, er overraska over tala.

– Inntrykket mitt er at det har vore ei veldig massiv dekning av valkampen i år, kanskje fordi Trump er ein så spesiell kandidat. Det som har gjort det meir interessant enn vanleg, er at det har blitt meir underhaldning enn politikk, seier han til Framtida.no.

Skjærli trur ei årsak til at Obama fekk meir omtale i 2008 var at det var ein historisk valkamp, der USA hadde fått eit veldig dårleg rykte i Europa, og det var eit sterkt ønskje om skifte.

I VG Nett blei Obama nemnd 833 gonger per 6. november 2008, medan Trump er omtalt 802 gonger så langt. Hillary Clinton er nemnd 592 gonger. På same tid i 2008 var motkandidaten John McCain nemnd 622 gonger.

VG har vore gjennom tøffe nedskjeringar sidan 2008, men Skjærli trur ikkje det er årsaka til at presidentkandidatane er noko mindre omtalt i år enn ved valet for åtte år sidan.

– Me har framleis rom for å satsa på det med vil satsa på. Og me har nok hatt fleire folk i USA i år enn i 2008, seier Skjærli.

I gjennomgangen av enkeltmedium, er det særleg region- og lokalaviser som merkar seg ut med ein stor nedgang i omtale av presidentkandidatane.

Republikanaren Austin Rasmussen (28) meiner nordmenn forstår amerikansk politikk betre enn mange amerikanarar. Les intervjuet med han her!

Halvparten av veljarane i USA mislikar Clinton og Trump, og 60 prosent vil ha eit anna alternativ. Er dette året då ein tredje kandidat kan bryta gjennom?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13
ANNONSE