Kan beacons revolusjonere korleis du betalar?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måten vi betalar på har endra seg drastisk dei siste åra. Tidligare var det kun kort og kontant som gjaldt, men i dag kan ein også betale med mobilen. No testar også DNB ut ein teknologi som sender deg varsel om å kjøpe billett, mens du står på perrongen. Då kan du trykke på varselet, og godta det, og så er billetten kjøpt.

«Her er eg!»
Teknologien som blir brukt er det nyaste innan Bluetooth-teknologi. Teknologien består av nettvarder eller «beacons», små einvegssendarar for informasjon som markerer at «Her er eg!».

Slike beacons kan senda ut eit signal, i form av eit push-varsel til mobilen, som varslar brukaren om eit eller anna. Dette kan til dømes bli brukt til å varsle ein kunde om at det er storsal i butikken han eller ho går forbi. Det positive med denne teknologien er at rekkevidda er på 50 meter, og kan dermed vere framtidas betalingsløysing.

Beacons som betalingsløysing vart testa ut av Flytoget i samarbeid med Vipps i går, som Tek.no har omtala. Då var det satt opp ei oransje søyle som inneheldt ein beacon, som sendte ut eit signal til dei som nærma seg om dei ønska å kjøpe ein billett til Flytoget.

Når denne teknologien kjem i bruk vil beaconane skjulast. I staden har Flytoget planlagt ein slags portal dei reisande må gå igjennom før dei kjem til toget. Dette kan dermed gjere at ein berre treng å gå forbi plattformen og inn på toget, og deretter trykke på push-varselet når ein har god tid på toget.

Les også vår ordliste for ny teknologi: Veit du kva røyndomsutvinning og lineær-TV er?

IMG_20161103_131534
Døme på ein beacon, prodsert av Estimote. Foto: Erik Eidsvig

– Lettvint
For å finne ut korleis teknologien kan påvirke oss drog vi til flytogterminalen på Oslo Sentralstasjon. Der møtte vi Sondre Simensen (14) og Martin Flo Øfstaas (15), og spurde kva dei synest om denne teknologien som betaling.

– Det er veldig smart, svarar Øfstaas.

– Og lettvint, legg Simensen til. Han har høyrt om denne teknologien i bruk for å telle kundar i butikkar.

– Denne dingsen er jo veldig kjekk om nokon ringer på døra. Då vil ein jo kunne sjå kven som ringer på, seier Øfstaas.

Slik teknologi fører mobilbetaling i ein mykje meir effektiv retning. Til dømes treng ein ikkje å vente på same betalingsterminal.

– Beacons er framtida
Stader dette er nyttig kan vere på bussen, t-banen og på fotballstadion, der det vil kunne redusere mykje kø. Dette kan også føre til at fleire betalar for bussturen, sidan dei også får eit varsel om det.

Vi snakka også med Didrik Bråthen på Teknikkmagasinet Byporten. Han meiner beacons er framtida.

– Dette er noko som vi ikkje kjem til å tenke over. Det kjem etter kvart til å bli triggerane til alt mogleg, seier han.

Han fortel at slike beacons kjem til å bli meir brukt i målretta reklame, tilpassa for livet vårt.

– Dette kjem til å bli ein enklare måte å betale på, avsluttar han.

Journalist Erik Eidsvig (15) går i 10. klasse på Bjørnsletta skule i Oslo, og har jobba hos Framtida.no på OD-dagen til inntekt for fredsarbeid i Colombia.