Unge droppar astmamedisin etter dopingbråket
Astma- og allergiforbundet åtvarar om at barn og ungdom sluttar å bruke astmamedisin for å unngå negativ merksemd etter dopingsakene i idretten.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Droppar medisin etter dopingbråket
– Vi ser ein aukande tendens til at barn og ungdom avstår frå medisineringa si i frykt for å bli stempla som juksemakarar, seier assisterande generalsekretær i Astma- og allergiforbundet Bo Gleditsch til NRK. Han meiner det er skremmande viss dette brer om seg.
– Det har jo vore eit enormt negativt fokus på astmamedisin og idrett, og det er ingen ungdom som vil bli skulda for at «einaste grunnen til at han er god i sporet, er fordi han har astma», seier Gleditsch.
Han meiner barn og unge får med seg meir av mediedebatten enn foreldre likar å tru, og at nyansane har lett for å forsvinne. (©NPK)
LES OGSÅ: 1000 vgs-elevar deler på éi helsesøster!