Den nye storsatsinga til HBO byr på talrike etiske problemstillingar.

Faktaboks

Denne artikkelen er ein del av ei satsing på ny teknologi og etikk, støtta av Fritt Ord. I ein serie med artiklar vil vi gi innsikt og skape diskusjon om korleis teknologiske framsteg utfordrar førestillingane våre om kven vi er og flyttar grensene for kva vi kan og bør gjere. På knaggen tenkologi finn du alle artiklane i satsinga.

Sjå også vår skrivekonkurranse om livet på nett.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Kven bryr seg om kva Dolores vil? Ho er ei forbanna dokke, seier Logan.

– Ikkje sei det rundt henne. Eg lovar, eg føler at ho forstår, svarar William.

Dialogen ovanfor er henta frå vekas episode av Westworld, der Logan (Ben Barnes) og William (Jimmi Simpson) samtaler om kva dei skal bruke kvelden til. Eitt av forslaga er ein fest (truleg ein orgie), men det er usemje om kva den kvinnelege roboten Dolores (Evan Rachel Wood) vil synast om slikt.

Logan har ei kynisk tilnærming til vertane i opplevingsparken, medan William har byrja å oppdage at Dolores ikkje er som dei andre robotane i Westworld.

Westworld-Dolores-From-FacebookWeb
Dolores (Evan Rachel Wood) er ein av vertane i den Western-inspirerte opplevingsparken. Foto: Westworld si Facebook-side.

3D-printa menneske
I tillegg til HBO sin uredde bruk av nakne kvinnekroppar inneheld storsatsinga også ei rekke (andre) etiske problemstillingar. Kva er greitt å gjere med eller mot ein robot? Treng ein kjenne skuld for å drepe noko som ikkje er levande, men som berre ser levande ut? Vil ein «fristad» for vald redusere gjestane sitt behov for vald utanfor parken, eller gir det trening i å drepe?

I Westworld er robotane så livaktige at det er vanskeleg å skilje røynd frå fiksjon. Det meste vert gråsoner.

Serien er satt til nokre år fram i tid, der teknologien innan 3D-printing og programmering har gjort det mogleg å lage robotar som er heilt like ekte menneske. Men bak huda er det algoritmar og programvareoppdateringar som ser til at robotane oppfører seg slik som Dr. Robert Ford (Anthony Hopkins) har planlagt. Ford er ein mann med ambisjonar langt ut over å lage robotar som ser ut som menneske.

Westworld-Ingrid-Bolso-Berdal-FacebookWeb
Ingrid Bolsø Berdal i Westworld. Foto: Westworld si Facebook-side.

Sex og drap
Robotane, som blir kalla vertar, viser kjensler, har drifter, og blør når dei blir skotne. Og det skjer tidt og ofte, for den Western-inspirerte opplevingsparken er laga for å fylle to behov hos dei besøkande: sex og drap.

Når vertane døyr eller blir øydelagde (ikkje spør) er det dei tilsette i «husdyravdelinga» sin jobb å sette dei saman att. Vertane er nakne når dei ikkje er på «jobb» i parken, og ligg livlause på ei metalltralle. Når åtferdsspesialistane kontrollerer at programvaren fungerer slik den skal, sit vertane rakrygga i eit stort glasbur, utan ein tråd, og utan skam.

Fiks ferdige og klare for å tilrettelegge for meir underhaldning blir vertane plasserte tilbake, utan minne om noko av det som har skjedd.

Mange historier
Når serien startar får vi raskt inntrykk av at noko ikkje er som det skal i parken. Vertane oppfører seg på uforklarleg vis, og nokre av gjestane har andre planar enn berre «fun and games». Det er tydeleg at HBO har langsiktige planar for serien, med komplekse historier på fleire ulike nivå.

Eit døme er einstøingen som finn eit kart på innsida av hovudskallen til ein vert. Kjem han («The Man in Black», spelt av Ed Harris) til å nå midten av labyrinten, og kva finn han isåfall der?

Westworld-Ed-Harris-FacebookWeb
Ed Harris i rolla som «The Man in Black». Foto: Westworld si Facebook-side.

– Ikkje så farleg
I løpet av dei første episodane kjem ein nokså raskt over drapsfrekvensen i serien (på høgde med Game of Thrones – Ingrid Bolsø Berdal har allereie blitt drept to gonger). Det tek litt lengre tid før ein kjem over dei nakne kroppane (særleg intervjua som føregår i det høgteknologiske «åtferdslaboratoriet»), men resultatet er at sjåarane tenker «Det er jo ikkje så farleg, dei er jo robotar.»

Men så startar robotane å oppføre seg meir og meir menneskeleg. Vertane startar å ane at verda dei bur i ikkje er heilt som dei trur, og dei vert overvelda av minner, bilete og uforklarlege kjensler.

Kva hugsar vertane?
I ei scene forstår vi at religionen til nokre av vertane er basert på glimt frå møta med dei tilsette i «husdyravdelinga». Betyr det at vertane ikkje gløymer likevel? Fleire spørsmål melder seg:

Hugsar vertane alle dei fæle tinga som har skjedd dei siste 30 åra? Ønsker vi dei så vondt at vi vil at dei skal hugse? Er det best om robotane ikkje veit at dei er robotar? Kjem vertane til å gjere opprør? Og kva kan gå gale dersom 1500 robotar plutseleg forstår at dei er udøydelege?

– Ingenting av dette betyr noko, seier verten Maeve (Thandie Newton) idet ho vert skoten og drept.

Les også vår ordliste: Veit du kva røyndomsutvinning og lineær-TV er?

Oppdatert: tysdag 20. juni 2017 18.21

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE