mm
Faktaboks

KrFs alternative budsjett har følgjande hovudsatsingar:

• FAMILIE: Kontantstøtta vert auka til 9000 kr i månaden. Barnehagane sine bemanning vert styrkt (346 mill. kr). Barnetrygda vert auka (600 mill. kr). Foreldrepengene for foreldre utan arbeidslivstilknyting vert auka til 1G (275 mill. kr). Tvillingforeldre vert gjeve dobbel permisjon første fire månader (100 mill. kr).

• SKULE: Tidleg innsats i skulen: Norm for lærartettleik frå 1-4. trinn (460 mill. kr) og på 5-10.trinn (194 mill. kr). Ny mentorordning for nye lærarar (230 mill. kr).

• HELSE: Helsestasjon og skulehelseteneste (400 mill. kr). Psykisk helsevern barn og unge (250 mill. kr). Rusarbeid (300 mill. kr). KrF reverserer regjeringa si usosiale kutt i støtta til multihandikappede, trafikkskadde og kronisk sjuke, og betrar ordningane for uføre med barn og gjeld.

• KLIMA: Auka miljøavgifter for å vri forbruk og produksjon i grøn retning (5 mrd. kr). Auka løyving til jernbane (500 mill. kr), kollektiv (400 mill. kr) og gong- og sykkelvegar (300 mill. kr). Klimatiltak i kommunane (100 mill. kr). Gods frå veg til sjø (60 mill. kr).

• VERDAS FATTIGE: Satsing på langsiktig bistand for å bidra til utvikling, særleg i Afrika (1,1 mrd. kr).

Les heile det alternative budsjettet her!

LES FAKTALUKK FAKTA

Måndag la KrF fram det alternative statsbudsjettet sitt. Auka kontantstøtte og barnetrygd, auka lærartettleik, meir til skulehelsetenesta og auka miljøavgifter er noko av det som KrF vil kjempa for i budsjettforhandlingane med regjeringa.

Men ungdomspartiet KrFU saknar spesielt éi sak.

Då Knut Arild Hareide gjekk på talarstolen i Arendal i haust var den klare meldinga hans til regjeringa at no må det leggjast inn eit auka tal kvoteflyktninger i statsbudsjettet. Dette var KrFUarane veldig nøgde med.

– For meg eit det eit mysterium korleis KrF har tenkt å klara det utan å leggja det inn i sitt eige alternative budsjett. Det er svært skuffande. Me har kjempa sterkt for dette, men vann ikkje fram, seier Ida Lindtveit, leiar i KrFU i ei pressemelding.

KrF skriv i dei alternative budsjetta sitt at dei ynskjer å eventuelt auka talet på kvoteflyktninger i samband med revidert budsjett for 2017.

– Eg meiner det er alt for lite offensivt. Mottakplassane i kommunen står klare no. Krigen i Syria føregår no. Difor må auka mengd kvoteflyktninger inn i regjeringa si og KrFs alternative budsjett nå. Me har ikkje tid til å venta eit heilt år med å auka denne kvoten. Samstundes tyder ikkje dette at kampen for å auka kvoten er over, og me vil minna KrF om dette ved alle høve fram mot revidert budsjett, seier Lindtveit.

LES OGSÅ: Tidlegare KrFU-leiar vil knuse mytar om syriske flyktningar

Glad for utreisesenter for barnefamiliar
KrFU er likevel glade for at KrF vil oppretta eit utreisesenter for barnefamiliar som skal sendast ut av Noreg.

– Det er heilt uhaldbart at me held dei i det borna føler som eit fengsel før dei blir sendt ut frå Noreg. Alle menneske fortener å behandlast med likeverd og respekt, dette gjeld spesielt for barn, seier Lindtveit.

Dette er ei sak KrFU lovar å pusha KrF på i budsjettforhandlingane med regjeringa.

LES OGSÅ: KrFU slår alarm om ungdomspress

Barn og den psykiske helsa til unge
KrFU er glad òg for at KrF prioriterer 250 millionar ekstra til psykisk helsevern for barn og unge.

– KrFU etterlyste for eit år sidan ein eigen opptrappingsplan for psykisk helse for barn og unge, og jobba saman med KrF om eit forslag om korleis me skal betre den psykiske helsa til dei unge. Det resulterte i gjennomslag for opptrappingsplan på dette feltet i Stortinget. No finn me ikkje midlar til å gjennomføra planen i budsjettet til regjeringa for 2017. Difor er me glade for at KrF legg inn eit massivt løft i det alternative budsjettet, seier KrFU-leiaren.

LES OGSÅ: Dette vil ungdomspartia pressa moderpartia på

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13
ANNONSE