Endeleg ser Thomas dårleg nok for rekruttlandslaget
– Målet mitt er å delta i Paralympics i 2022, seier Thomas Karbøl Oxaal (17). Han har nett har fått vita at han kan representera Noreg i handikap-skirenn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Endeleg ser Thomas dårleg nok for landslaget
Saka var først publisert i avisa Ryfylke.
Dei fleste blir lei seg av dårlege synstestar. Thomas Karbøl Oxaal blei kjempeglad.
– Før meinte dei at eg såg for bra. Nå har eg endeleg fått bekrefta at eg ser dårleg nok til å få bli med på rekruttlandslaget, seier den svaksynte langrennsløparen.
17-åringen er født svaksynt, og har i dag 12 prosent syn på det venstre auga og bare tre prosent syn på det høgre. I tillegg har han eit innsnevra synsfelt, som gjer at han har eit synsfelt på under 40 grader, mot 180 slik vanleg sjåande har. Det dårlege synet har likevel aldri hindra saudabuen i å delta i idrett, og han har opp gjennom åra markert seg som ein sterk langrennsløpar i sin aldersklasse.
Men, for å kunna representera Norge innan handikap-idrett må utøvarar klassifiserast i ulike handikap-grupper. Tidlegare har Thomas Karbøl Oxaal sitt syn blitt vurdert til å vera for godt til å passa inn i nokon av blind- eller svaksynt-gruppene.
Torsdag 20. oktober var Thomas Karbøl Oxaal i Oslo for ny klassifiserings-test. Kort tid etterpå fekk han svaret: Han er nå klassifisert som svaksynt B3 – og har med dette fått fast plass på det norske rekruttlandslaget. Det var det innsnevra synsfeltet på under 40 prosent som var avgjerande.
– Målet mitt er å delta i Paralympics i 2022. At eg nå endeleg har fått godkjent at eg ser dårleg nok er eit viktig steg på vegen mot målet, seier Thomas Karbøl Oxaal.