Bokhandlarpris til Kristin Fridtun

Får Bokhandelens sakprosapris på 50.000 kroner.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisen er eit samarbeid mellom Bokhandlerforeningen og Norsk faglitterær forfattar- og omsetjarsamskipnad (NFF) og skal gå til ein ung, norsk sakprosaforfattar.

– Kjønn og ukjønn er ei lita og snurrig bok – det hadde ikkje streifa meg at ho skulle sopa inn noko slikt. Dette gjer godt både for forfattarøkonomien og sjølvtilliten. Når ein sit og skriv, er det lett å tvila på om teksta og ein sjølv har noko å fara med. Slik må det kanskje vera, men no kan eg i alle fall gå laus på nye prosjekt med styrkt mot, seier Kristin Fridtun i ei pressemelding.

Om den siste boka hennar Kjønn og ukjønn seier juryen: «I Kjønn og ukjønn. Ordhistoriske essay syner Kristin Fridtun korleis ein identitet blir skipa ved å granske språket, meir korleis ho speglar si kjønnsidentitet i ordet kjønn si historie. Sanninga forfattaren vaskar fram gjennom morosame døme og tankevekkjande refleksjonar er at språk skaper identitet, og at Kristin Fridtun skaper språkleg medvit. Ho er ikkje redd for autoritetar, men gir mellom anna tidlegare direktør Sylfest Lomheim i Språkrådet det ho kallar eit lite spark, i røynda er det slett ikkje så lite som ho vil ha det til. Fridtun underdriv poenga sine, og stoler på lesaren. Det er også eit kvalitetsteikn.»

I juryen sit omsetjar Kristin Gjerpe, Arnhild Skre, sakprosakritikar i NRK og forfattar, og dessutan Espen Søbye, sakprosakritikar i Morgonbladet og forfattar.

Filolog og forfattar Kristin Fridtun er fødd i 1987 og oppvaksen i Elverum. Hen er ein skatta føredragshaldarar, har fast språkspalte i vekeavisa Dag og Tid og har tidlegare gjeve ut bøkene Norsk etymologisk oppkok frå 2012 og Nynorsk for dumskallar i 2013.

10. november snakkar Fridtun om skeiv barne- og ungdomslitteratur på Falturiltuseminaret på Stord.

Les siste Kristin Fridtun-nytt her!