Får maten levert rett i kjøleskåpet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Daglegvarene kjem stadig nærmare. Frå hentepunkt i nærområdet, til levering ved postkassa, ved døra og no – kanskje – heilt inn i kjøleskapet.

Nettbutikken Kolonial.no er nemleg i ferd med å setje i verk eit testprosjekt saman med Telenor, der eit fåtal utvalde kundar i haust vil få levert maten dei bestiller på Kolonial.no heilt inn i kjøleskapet.

LES OGSÅ: Reduserer matsvinn med ny app

Digital lås
Kunden tingar varer på nett som før, men får installert ein digital lås i heimen. Sjåføren får så ein digital kode som han kan låse seg inn med medan du er på jobb eller liknande. Via ein app får du så beskjed om at maten du kjøpte er kommen inn i kjøleskapet ditt.

50 utvalde kundar vil frå november og fram til jul kunne bruke tenesta som har fått namnet Tikky.

LES OGSÅ: Fleire vil ha kjøttfri måndag

Testar sikkerheita
– Ein viktig del av testen er sjølve sikkerheitsaspektet, seier Per Simonsen (53), som har ansvar for Internet of Things i Telenor Digital Business til Dagens Næringsliv.

Han peikar på at den digitale låsen gjer at bodet berre får ein mellombels nøkkel, i realiteten ein kode, som berre er gyldig i 15 minutt.

– Vi prøver å finne ei løysing som varetar sikkerheitsbehovet. Vi kan tenkje oss at vi byggjer inn fleire nivå av sikkerheit etter kvart. Vi vil i pilotfasen teste kva brukarane meiner og sikre at det kjennest trygt og brukarvenleg for dei, seier Simonsen. (©NPK)