Fotballheadingar påverkar hjernen
Å heade ein fotball påverkar i stor grad hjernefunksjonen til ein fotballspelar dei neste 24 timane, viser ny forsking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskarane bak studien er knytte til The University of Stirling og har publisert funna sine i EbioMedicine, melder BBC.
Fotballspelarane som deltok i studien fekk redusert evna til å hugse ting med mellom 41 og 67 prosent etter å ha gjennomført ei vanleg treningsøving med headingar. Effekten minka etter 24 timar.
Studien er den første som påviser direkte endringar på hjernen som følgje av heilt vanlege headingar på fotballbana.
Forskarane ved The University of Stirling fyrte av fotballar frå ei maskin for å simulere farten og krafta ballen får i eit hjørnespark. Ei gruppe fotballspelarar blei bedne om å heade ballen 20 gonger.
Hjernefunksjonen til spelarane blei grundig testa både før og etter øvinga.
Det står framleis att å teste om hjerneforandringane til spelarane held seg mellombelse eller eventuelt blir permanente som følgje av at belastninga på hovudet blir gjenteken under fotballkampar kvar veke.
Dr. Magdalena Ietswaart, som har bidrege til forskingsarbeidet, opplyser at studien er gjennomført som følgje av ei auka bekymring for at hovudskadar i idrett kan bli sett i samanheng med auka risiko for demens. (©NPK)