Line Sandvik, Hallingdølen
Line Sandvik, Hallingdølen

 Saka var først publisert i Hallingdølen. 

Fem år etter den uforklarlege drapssaka og ein av norgeshistoriens verste psykosar kjem boka om kva som skjedde den natta – og korleis ein overlever slik ei dramatisk og livstrugande hending. 

– Historia er fortalt, men aldri skildra på denne måten som me gjer i boka, fortel Marius Løken frå Hemsedal. No kjenner han seg sterk nok til endeleg å gi ut bok. Det tok eit år lenger enn planlagt.

Personleg bok
– Imagen var jo at eg var sterk. Eg kom meg raskt ut av sjukehuset. Eg kom meg raskt attende i fysisk form. Men i 2012 og 2013 var eg slett ikkje sterk. Eg sleit og kjende meg redd og liten. Hadde mareritt og gret når eg var aleine. Eg er og ein annan person i dag enn for berre eit år sidan. Boka hadde ikkje vorte den same om den vart gitt ut då. I dag er eg sterk. No kan eg til og med fortelje det eg eigentleg ikkje vil at folk skal vite. Og eg har lært utruleg mykje og fått verktøy i livet, fortel Marius Løken veka før bokutgjevinga. Han blottlegg seg sjølv i boka og er så ærleg at han blir nesten litt flau.

– Eg er så personleg at eg tykkjer det er litt skummelt. Det kjem fram i boka kor ille det var med psyken min, sjølv om eg såg bra ut utanpå. Marit Sunnanå Aalrust, som har skrive boka, fekk meg til å legge bort alle filter, fortel Løken som i dag har utvikla eit foredragskonsept og reiser land og strand rundt og fortel om korleis ein kan overleve. Ikkje berre overleve dramatiske hendingar, men også hendingar me alle opplever frå tid til annan. Han har funne nokre enkle verktøy som gjer livet lettare.

Travel tid
No er timeplanen fullstappa av foredrag, innspelingar, intervju i fleire media, boklansering og mykje anna. Radio, Dagsrevyen, God Morgen Norge står på plakaten. I programmet «Lindmo» laurdag 22. oktober, var Marius Løken, forfattar Jon Michelet og shippingdirektør Elisabeth Grieg gjestar. 

– Det er super-morosamt. Og endeleg kjem boka. Eg har ein forfattar som gjer ting nøye og har brukt ekstra mykje tid på å gjere dette til ei bok som kan lesast av dei fleste. Boka er skriven som ein roman, sjølv om den og fell inn under dokumentargenren. Då treffer boka både leseløver og slike som meg, som eigentleg ikkje les bøker, fortel han. 

Boka er klarert med fleire partar. 

– Eg ønskte at flest mogleg vart inkludert i prosessen og gav si velsigning, forklarar Løken. 

– Fekk du det?

– Ja.

Les heile saka i Hallingdølen. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12
ANNONSE