Kva er det som har gjort Kent til eit av Nordens største og beste rockeband? Ein kritikar, ein forskar, ein romanfigur og ein forfattar hjelper oss på sporet av eit svar.

mm
Faktaboks

Kent er eit svensk rockeband, danna i Eskilstuna i 1990

Joakim Berg, Martin Sköld, Markus Mustonen og Sami Sirviö har vore faste bandmedlemer sidan starten

Frå debuten i 1995 til i dag har dei gitt ut 12 studioalbum, ein EP, ei B-side-samling og eit Best of-album

9 låtar og 13 album har gått inn på VG-lista

Slo gjennom for alvor i heile Norden i 2002 med albumet Vapen och ammunition og singlane «Dom andra» og «Kärleken ventar»

Andre kjente songar er «Musik non stop», «Max 500», «Ingenting», «La Belle Epoque» og «Egoist»

Avskjedsturné hausten 2016 med fem konsertar i Noreg: Bodø 05.10, Trondheim 15.10, Stavanger 21.10, Oslo 22. og 23.10

LES FAKTALUKK FAKTA

Det starta i 1990 i Eskilstuna, og sluttar med ein trippelkonert i Stockholm i desember. I mars i år annonserte Kent at albumet Då som nu för alltid og turneen i haust blir deira aller siste.

Gjennom tolv album og ei rekkje radiohits har Joakim Berg & co. vore blant dei fremste ambassadørane for skandinavisk songlyrikk og nordisk melankoli.

Dei har sett ord og tonar til korleis det er å vera frå ein einsam utkant i verda der det er vinter halve året og jantelova rår, men der det lever eit håp om at kjærleiken ventar. Ofte har dei tatt utgangspunkt i si eiga historie – historia om avvikarane frå industriforstaden som reiste til storbyen for å satsa på kunsten, som har gått sine eigne vegar og ikkje vil vera som «dei andre».

Furuset = Eskilstuna?
Ei av mange som har funne meining og trøyst i dette tekstuniverset, er Eva, hovudpersonen i Linn Strømsborgs roman Furuset frå 2013. I fråværet av ein betre plan etter fullført master, flyttar Eva inn att på jenterommet på Furuset, drabantbyen ho trudde ho hadde reist frå for godt.

Medan ho går med mp3-spelaren i vante spor mellom blokkene på Furuset, gjenopplever ho minna frå ungdomstida då ho lengta bort frå denne staden – og både i minna og i notida er Kent lydsporet. Hos Kent finn Eva att kjensla av å vera bunden til ein stad der ho har kjent seg fanga; kjenslene av lengt, usikkerheit og einsemd som pregar oppveksten, og som ikkje gir slepp.

Sitatet frå songen «Mannen i den vita hatten» som opnar Furuset fangar stemninga: «Och alla känslor slog og sprengde / Hela vardagen full av hål / I en tid då inget hände / I en stad som alltid sov».


Med denne videoen annonserte Kent sin eigen avskjed i mars i år.

Kent = Horoskop?
Forfattar Linn Strømsborg (30) er sjølv Kent-fan, om ikkje like oppslukt som Eva. Som den fremste grunnen trekk ho fram dei vakre og ofte kryptiske tekstane til Joakim Berg, som nettopp opnar for så mange ulike personlege assosiasjonar.

– Han kan skrive tekstar som er ganske rare, men som plutseleg kan opne seg viss du høyrer på dei igjen og igjen. Og andre gonger så gir dei eigentleg ikkje så mykje meining, men så er det veldig fint likevel, seier ho, og peikar på at både tekstane og musikken kan endra seg mykje etter kva humør ho er i når ho høyrer på.

Mange trekk fram det same når dei skal setja ord på kva det er som gjer Kent til det dei er. Musikkjournalist Fredrik Strage i den avisa Dagens Nyheter har sagt at songane deira ofte fungerer på same måten som velskrivne horoskop: dei reflekterer universelle kjensler og erfaringar, men er formulert slik at alle kan finna detaljar som kjennest meiningsfulle for akkurat dei, akkurat då.

Det er kanskje denne kvaliteten ved songane til Kent som gjer at Eva kan føla at dei «har fungert som tegnestifter på den store tavla i hodet mitt».


Musikkvideoen til «FF» (2002) er lagt til eit typisk Kent-landskap med mørker, regn og snø.

Kent = Sverige?
Også forskarar har forsøkt å setja ord på kva det er som gjer Kent til Kent. Ola Johansson, professor i geografi ved University of Pittsburgh, argumenterer i ein forskingsartikkel for at Kents musikk og tekstar tar opp i seg det som mange i deira generasjon ser som typisk for Sverige – og for resten av Norden. Artikkelen har den lokkande tittelen «Kent’s Sweden, or what a rock band can teach us about a nation».

Det Sverige som me møter i songane til Kent, seier Johansson, består av tre landskap:

1. Eit indre, emosjonelt «landskap» prega av melankoli, einsemd og konformitet; «ett iskallt IKEA-land», som dei syng på «Pärlor».

2. Eit bylandskap prega av asfalt, betong, flakkande lys og urban isolasjon.

3. Eit vinterlandskap prega av snø, kulde, månelys og mørker.

Johansson meiner ein av grunnane til suksessen deira er at så mange kjenner seg så godt att i desse landskapa, som skil seg frå det me møter i tradisjonelle, romantiske framstillingar av grøne enger og lyse sommarnetter. Som Eva i Furuset seier om albumet Du & jag döden medan ho går rundt i drabantbyen i Groruddalen:

«Det er så mye snø i den skiva, akkurat som i Hagnesta Hill. De har samme farge. Mørke, isblå, kalde, å høre på dem er som å stå i en snøstorm, å måtte lukke øya mot vinden, å gå barbeint på stranda lenge etter at det egentlig var varmt nok, å ligge alene i senga og se opp i taket, aldri mer stå opp, bare bli liggende.»

Dei tre landskapa Johansson peikar på blir også fint oppsummert i refrenget på «Columbus»: «Stockholm vaknar långsamt / På droger och på sorg / Snön hyr ut sin oskuld / till hela Kungsholmstorg.»

Med eit anna typisk Kent-trekk blir denne skildringa i neste line knytta saman med bandet si eiga reise: «Det känns som när jag kom hit / Way back in ’93 / En ynklig rad av fotspår / En okänd kontinent.» Denne reisa frå forstaden eller småbyen til storstaden er noko svært mange svenskar – og andre skandinavar – lett kjenner att, påpeikar Johansson.


Musikkvideoen til «Columbus» (2007) viser eit mørkt og einsamt storbylandskap.

Kent = Det svenske Radiohead?
At bandet syng på svensk, forsterkar inntrykket av dei som eit autentisk, nordisk band. På slutten av 1990-talet prøvde dei å satsa internasjonalt: Dei omsette albuma Isola og Hagnesta Hill til engelsk og drog på turné i Storbritannia og USA, der dei blei marknadsførte som «det svenske Radiohead». Det blei ingen suksess, og sidan har Kent nøydd seg med å vera «Sveriges största rockband».

Forfattar Linn Strømsborg meiner låtane mista litt av magien sin på engelsk.

– Sjølv om omsettingane faktisk er ganske fine, så kjennest det ikkje rett å høyre på Kent på engelsk. Det må vere «Kevlarsjäl», liksom, «Kevlar Soul» held liksom ikkje, seier Strømsborg, med referanse til ein av låtane på Hagnesta Hill.

Forskar Ola Johansson meiner den manglande internasjonale suksessen stadfestar at bandet tar opp i seg kulturelle erfaringar og referansar som er viktige i Sverige og Norden, men som ikkje gir like mykje gjenklang andre stader i verda.


Musikkvideo til den engelske singelversjonen av «747» (1997), som i albumversjon varar i 7 minutt og 47 sekund.

Eskilstuna = Alle stader?
Mot slutten av Furuset står Eva på gangbrua mot Ellingsrud med «Mannen i den vita hatten» på øyrene, lener seg mot rekkverket og ser utover «hele dette stedet der jeg vokste opp, der jeg satt i vinduet mitt og aldri trodde jeg skulle slippe unna». Der når ho ein treffande konklusjon:

«Kanskje sover alle steder og byer når man er femten? Kanskje er alle steder for små for alle følelsene som bor inni oss når vi er enda mindre? Du synger om Eskilstuna, men kanskje synger du også om Furuset, Åmål, Veitvet, Skullerud, Kongsvinger, Vålerenga, Haugenstua, Bekkestua, Holmlia, Malmö, København (…) Kanskje synger du egentlig om å være femten år, den følelsen man aldri kommer til å forstå fullt og helt igjen, men som alltid er her.»

Helga 21.–23. oktober speler altså Kent sine aller siste konsertar i Noreg, éin i Stavanger og to i Oslo. I Du dør ikke, oppfølgjaren til Furuset som kom ut i haust, følgjer me Eva på avskjedskonserten i Oslo spektrum, der også Linn Strømsborg sjølvsagt har billett. Då er det éin song dei ikkje kan utelata frå setlista, seier ho.

– Dei spele «747». Viss dei ikkje speler den, då går eg ut derifrå med hjartesorg.

Ola Johanssons artikkel «Kent's Sweden» er publisert i geografitidsskriftet Fennia i 2013. Romanane Furuset (2013) og Du dør ikke (2016) av Linn Strømsborg er begge gitt ut på Flamme forlag.

Meir musikkstoff? Les også:

«Kvifor er det berre storbyar som får ha platebutikkar?»

– Prisen til Dylan er ein siger for songlyrikken

Anohni er verdas kanskje mest populære transkjønna artist. Ho vil få folk til å handle

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE