– Prisen til Dylan ein siger for songlyrikken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein siger for songlyrikken

Bob Dylan er den første songlyrikaren som får Nobelprisen i litteratur.

Tysdag heldt førsteamanuensis Sissel Høisæter førelesing om songlyrikken til Bob Dylan ved det populære Dylan-studiet ved Universitetet i Oslo.

– Eg snakka om songlyrikk og korleis den har blitt sett i eit anna lys enn boklitteraturen. Eg konkluderte med at eg Svenska Akademien ikkje såg at songlyrikken til Bob Dylan hadde kvalitetane til høgverdig litteratur – og litt til.

No er Høisæter strålande glad for at ho tok feil.

Ved sida av jobben som førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen Stord/Haugesund er ho Dylan-fan på sin hals. Ho har sett Dylan live over 80 gonger.

– God lyrikk framført der og då, saman med andre. Ingenting er betre enn det. Dylan bryr seg ikkje med tidlegare plater, han fokuserer berre på nye framføringar. Difor blir eg ikkje skuffa når eg høyrer kjende songar framført på nye måtar. Det er den største lyrikaren eg veit om, som framfører lyrikken sin her og no, seier Høisæter.


HSH-forskar Sissel Høisæter har vore på mellom 80 og 85 Dylan-konsertar. Foto: Vilde Hjertholm Lunde, HSH

Samanlikna med Shakespeare
Ordet lyrikk stammar frå antikken. Då blei brukt som song til strengeinstrumentet lyre. Men i løpet av dei siste hundreåra, har lyrikken i bøker fått ein eigen status, forklarar Høisæter.

Dylanologar samanliknar Dylan med Shakespeare, som heller aldri hadde tenkt at det han skreiv skulle lesast i bøker.

– Shakespeare skreiv for at folk skulle oppleva litteraturen i teatret, og jubla med. Slik er det med Dylan òg, seier Høisæter.

LES OGSÅ: Noreg har niande flest nobelprisar

– Får den posisjonen han fortener
Hauge-senteret i Ulvik er Noregs einaste senter for formidling av lyrikk. Dagleg leiar Geir Netland er òg strålande nøgd med årets prisvinnar.

– Songlyrikken får endeleg den posisjonen han fortener, sidestilt med lyrikk og litteratur elles. Gjennom ein mannsalder har Bob Dylan merka seg ut med framifrå lyriske tekstar, som blir framheva av Svenska Akademien.

Dagleg leiar i Hauge-senteret, Geir Netland, jublar for at Bob Dylan får den posisjonen han fortener. Foto: Hauge-senteret