Frøydis (14) skal skrive ein roman på 30 dagar

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg planlegg historia i detalj i oktober. Då får eg det lettare midt i november, når eg er sliten og eigentleg berre vil klappe igjen maskina. Planen fungerer som ei sjekkliste som motiverer meg til å skrive ferdig kapitlet, skriv Frøydis Olhans (14) frå Ås, i ein epost til framtida.

Ho gir også beskjed til familie og venner om at november ikkje vert heilt som vanleg.

– Du skriv jo faktisk ei bok, seier ho.

NaNoWriMo
Målet er 50.000 ord på 30 dagar, ei bok på om lag 200 sider. Konseptet vert kalla National Novel Writing Month, og opp mot ein halv million menneske over heile verda skal delta.

Frøydis deltok fyrste gong i fjor haust, og var ein mange som under emneknaggen #NaNoWriMo sette av 30 dagar til intensiv hamring på tastaturet.

– I 2015 heiv eg meg ut i det, og resultatet vart ein hektisk, men fantastisk månad der eg kunne prøve ut noko nytt og skape liv i den keisame kvardagen min, fortel ho.

– Førebudd på katastrofe
I år skal Frøydis skrive ei historie om ei gruppe menneske som kjempar for å hindre nedlegging av den lokale bokhandelen deira.

– Gjennom tekstane mine vil eg få lesarane og meg sjølv til å fokusere på alle dei små, og fantastiske tinga vi har rett framføre oss, seier ho

Ho fortel at nybyrjarar ikkje kan forvente topp kvalitet på historia ein skriv under NaNoWriMo.

– Dersom du er som meg, og ikkje har skrive så mykje før, bør du vere førebudd på ei katastrofe av ei bok. Dersom eg tek fram det eg skreiv i fjor, er reaksjonen min «Kvifor i hulaste skreiv eg dette?!» Men det er greitt å føle det slik, for NaNoWriMo handlar ikkje om å skrive perfekt, det handlar om å få noko gjort. Det kan også godt hende at du vert overraska over at det du skreiv ikkje var så gale, seier ho.

Få nyhendebrev med siste boknytt her!

Foto: Eddi 07- Free Stock

Det magiske talet
For å vinne NaNoWriMo må ein nå målet på 50.000 ord. I snitt vert dette 1667 ord kvar einaste dag i 30 dagar. (denne artikkelen er rett over 1000 ord.) For mange vert 1667 ei magisk grense, men ikkje for Frøydis.

– Eg er ikkje særleg redd for grensa på 1667 ord. Eg er såpass sta at eg veit at eg ikkje kjem til å gå å legge meg før eg har skrive minst det eg har planlagt.

– Eg er i staden engsteleg for at eg ikkje kjem til å bli ferdig med historia innan den 30.november. Førre gong eg deltok, kryssa eg grensa på 50.000 ord den 18., og ved utgangen av månaden hadde eg nådd 90.000 ord, fortel ho.

Ordsprint
Frøydis er ikkje åleine, men er ein av nesten 600 nordmenn som skal delta i årets NaNoWriMo. Facebook-gruppa NaNo Noreg har 455 medlemmar, og på diskusjonsforumet på nanowrimo.org står det ei rekke erfarne skrivarar klare til å hjelpe skrivelystne i alle aldrar til å fullføre prosjekta sine.

Tone Rossow (28) er ein av administratorane for Facebook-gruppa, og har delteke i NaNoWriMo sidan 2007. Ho fortel at nettverket er svært viktig, både for nye og erfarne skrivarar. Dei frivillige held møter i Oslo, Bergen og Trondheim, der dei mellom anna arrangerer ordsprintar.

– Vi set av ei gitt tid, gjerne 10 minutt, og så skriv vi så mykje vi berre klarar. Etterpå seier vi kor mange ord vi skreiv, og vinnaren får ein premie, gjerne ein sjokoladebit, fortel Tone i ein epost.

– Kva skal du skrive om i november?

– Eg skal skrive om ei jente som reiser ut i verdsrommet for å finne den siste sjokoladekaka. Jorda er nemleg tom for sjokolade, og det er bursdagen hennar snart, skriv Tone.

– Fordel med ein plan
Men er det eigentleg tilrådd å skrive ein roman på 30 dagar?

– Eg trur det er ein fordel at du har ein plan før du startar, seier Kjersti Instefjord (bildet), redaktør for skjønnlitteratur i Samlaget.

Ho fortel at det nok vil vere lurt å prøve å avgrense prosjektet, og tenke på om du skal skrive ein samtidsroman eller ei historisk forteljing, kva for setting du vil bruke, og kva karakterar du treng for å fortelje historia.

På spørsmål om kva tema ein bør skrive om, svarar ho slik:

– Skriv du godt nok, kan du skrive om alt.

I løpet av desember månad reknar Kjersti med å få tilsendt om lag 20 manus frå både erfarne og nye forfattarar. Ikkje alle romanane er på over 50.000 ord.

– Kvalitet trumfar alt, seier ho, og legg til at det er viktigare at det er godt språk og driv i teksten, enn at den er lang.

LES OGSÅ: Her er favorittane til bokhandlarane

Planlegging
Det er litt over 10 dagar att til 1.november. Dei fleste som fullfører prosjekta sine startar ikkje med eit blankt Word-dokument, skriv TheWriteLife. Bloggen har samla nyttige tips til korleis du kan førebu deg til ein suksessful månad med skriving.

Noko av det du kan bryne hjernen på fram mot 1.november er spørsmål som:

• Kven er hovudpersonen i historia, og kva utfordring får han eller ho kasta i fanget?

• Korleis løyser hovudpersonen problema sine undervegs i historia, og kva er vendepunktet?

• Vil du at romanen din skal ha ein lukkeleg slutt, og korleis kjem hovudpersonen seg dit?

Skadar ikkje å prøve
Frøydis har ei tydeleg oppmoding for andre unge som lurer på å delta i NaNoWriMo

– NaNoWriMo er ein fantastisk måte å kome i gang med skrivinga på. Det er ein av tolv månader i året, så det kan jo ikkje skade å prøve, ikkje sant? avsluttar ho.

LES OGSÅ: 4 tips for ein vellukka NaNoWriMo

Faktaboks

• Sommaren 1999 deltok 21 skrivelystne amerikanarar i den aller fyrste National Novel Writing Month (NaNoWriMo).
• Ti år seinare var det nesten 120.000 deltakarar. Over 20.000 fullførte målet om å skrive 50.000 ord på 30 dagar.
• No har NaNoWriMo vorte eit globalt fenomen, og samlar nærare ein halv million skrivelystne til ein månad med frustrasjon og skriveglede.
• Over 250 romanar er publisert frå utkast produsert under skrivemånaden.
• For personar under 17 år finnast også NaNoWriMo Young Writers Program. Der kan du sjølv bestemme kva målet ditt er.