«I dagens musikk høyrer vi stort sett om billige kvinner og sjuke festar»
Før laga punkband og rapparar samfunnskritiske og politiske tekstar. Har musikken mista sjela si? spør Elise Løvereide.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Har musikken mista sjela si?
Den nye komiserien «Unbreakable Kimmy Schmidt»handlar om Kimmy, som har vore fanga i ein bunker i femten år. Då ho endeleg skal feire bursdagen sin i fridom, styrer romkameraten festmusikken. Då Kimmy høyrer den moderne musikken, utbryt ho: «Kvifor spelar du den same songen om og om igjen? Kan du i det minste spele musikk med ord?»
LES OGSÅ: Me strøymer meir og meir musikk
Litt sånn føler eg det er med dagens musikk. Etter at eg som femtenåring byrja å høyre på Queens, Pink Floyd, og deretter Led Zeppelin og Nirvana, har eg aldri klart å forlate musikken frå desse tiåra. Eg gjekk riktig nok over til å høyre på metalband som framleis er aktive, som Opeth, Darkseed og Anathema, sjølv om desse også etter kvart har erstatta den heavy metallen med mjukare lyd.Mange slit kanskje med å få inn nok inntekter, og kan derfor ikkje lage den musikken dei eigentleg vil?
Nokre metal- eller grungeband har gått over til indierock eller elektronika, til dømes det norske bandet Ulver. Coldplay har gått frå alternativ rock til ein slags radiovennleg elektropop. Growling i metalband forsvinn, og rockebarar er i mindretal. Punken si tid er òg forbi. Den har blitt erstatta med diskomusikk laga på ein datamaskin.
LES OGSÅ: Høyr verdas første poplåt komponert av kunstig intelligens!
Tekstane betyr noko
Mange lurer på kvifor eg har lagt min elsk på metalmusikken, og då svarer eg ofte at eg set pris på gode tekstar. Det no oppløyste stavangerbandet Theatre of Tragedy har til dømes skrive dette, i sin song And When He Falleth:
Might I too was blindfoldéd ere,
The quality of mercy and absolution,
Tho' years have master'd me
Whence cometh such qualities?
A masque of this to fashion:
Build thyself a mirror in which
Seer blest, thou best philosopher!
Solely wanton images of thy desire appear!
Sjarmen med metalsjangeren er at ein undrar på kva dei syng, og vokalen blir såleis som eit eige musikkinstrument. Dette er tekstar og songar som har blitt skrive av éin eller fleire i bandet, og (faktisk) ikkje av eit team på femten personar.
LES OGSÅ: MGP: Musikk eller politikk?
Underhalding, ikkje kunst?
Før laga punkband og rapparar samfunnskritiske og politiske tekstar. Queen Latifah, Sex Pistols og 2pac kritiserte samfunnet, klasseskilje og rasisme. Framleis har vi metalband som skriv tekstar om krig og urettferd – til dømes System of a Down, Rage Against the Machines og Lamb of God. Men desse er i mindretal. I mainstream radiomusikk høyrer vi stort sett om billige eller sexy kvinner, ofte på ein sjuk fest:
Baby, this is what you came for
Lightning strikes every time she moves
And everybody’s watching her
But she’s looking at you, oh, oh
You, oh, oh, you, oh, oh
You, oh, oh, you, oh, oh
You, oh, oh, oh, oh
Dette kjem frå Rihanna og Calvin Harris i This Is What You Came For, ein av dei mest populære songane så langt i 2016. Resten av teksten i denne songen er stort sett heilt likt utdraget ovanfor.
Det finst heldigvis artistar i dag som har tatt seg god tid til å komponere både låt og tekst. Men samfunnskritikken som musikken ein gong nytta ytringsfridomen sin til, forsvann tilsynelatande ut av mainstream musikk ein gong på 90-talet.
LES OGSÅ: Slipknot + Justin Bieber = sant?
Saknar den musikalske sjela
Alle har ulike forhold til musikk. Pappa kjøper CD med lyden av fyrtårn. Venninna mi høyrer på tysk folkepop. Mamma elskar å spele Mahalia Jackson på julaftan.
Musikksmaken er subjektiv. Den skal vekkje reaksjonar, kjensler og minne. Og musikk har, som all anna kunst, variert kvalitet. Men no til dags ser det ut til at funksjonen til musikken blir mindre og mindre kunst – og stadig meir underhaldning.
Musikk er blitt noko ein høyrer i bakgrunnen, og ikkje lenger lyttar til. Tekstane blir overflatiske eller meiningslause.
LES OGSÅ: Vis meg musikken din, og eg skal fortelje deg kven du er
Det er vel ingen tvil om at det er pop og elektronika som dominerer radiostasjonane, barane og det offentlege rom elles. Har musikken mista sjela si? Vil fysiske musikkinstrument ein gong bli overflødige? Eg lengtar etter den musikken som tok eit oppgjer med urettferd, og som hadde kunstnarisk kvalitet. Den som engasjerte lyttarane, og påverka deira syn på verda. Musikken som hadde ei djupare meining, og som ikkje berre eksisterte for å ha noko å feste til. Musikken som overlevde etter ein månad på radio, og som gjekk inn i folk sine hjarta, og blei der, år etter år.
LES OGSÅ: Bryr vi oss mest om sexisme når det kjem frå svarte?