2000-talsleiken er blitt digital – det har sine konsekvensar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida er heime i stova til paret Pernille Ekornrud Grøndal (26) og Robert Graff Bakkevold (29) i Bergen. Dei hugsar mange av leikene dei var opptekne av på 1990- og tidleg 2000-talet.

– Boksen går var min favorittleik. Vi kunne spele det i fleire timar. Det blei både actionfylt og gav godt samhald, fortel Pernille.

– I Stavanger kalla vi han boksen av.

– Ja, der ser du variasjonane. Slik var det også med klappeleikene: Ein syng andre reglar på Austlandet enn på Vestlandet.

– I skulegarden var slengtau det einaste som var macho nok for oss gutar, fortel Robert.

– Ja, vi hopte strikk og tau, og hadde sprettball. Men Pokêmonkort var populært for både gutar og jenter, seier Pernille.

Robert nikkar.

– Mykje på denne tida handla om å samle. Noko som sikkert også var ein baktanke hjå leverandørane. Men det skapa samhald, ettersom prinsippet var å byte med andre.

– Ja, eg hugsar gutane skulle samle på fotballkort, og vi jenter på klistremerke og klinkekular. Og Pokêmonkort og pog med glins var dei mest ettertrakta, ler Pernille.

– Hadde du Furby?

– Nei, eg fekk det aldri av foreldra mine. Eg klarte å mase meg til Tamagotchi, det var stas. Eg tippar det var ganske dyrt i forhold til inntekta på den tida.

Tamagotchi var ein liten minicomputar som simulerte som eit kjæledyr. Leika blei til i Japan, og vart introdusert i Norge i 1997. Furby var ein liten ugle som laga rare lydar.

– Mange leiker var nok ein slags klassemarkør. I klassen var det alltid nokon barn som fekk alt, medan andre barn aldri fekk noko leike i det heile. Det blei ganske synleg kva klasse familiene kom frå, meiner Robert.

– Ja. Eg trur nok at når vi får barn, så kjem eg ikkje til å ville gje han mobil som 12-åring, seier Pernille.

– Kva er den største forskjellen på barneleik når de var unge, versus i dag?

– I dag leikar barn på iPad frå toårsalder. Det er nok meir passivt, og fører til overvekt og dårlegare motorikk. Samstundes er det bra reint kognitivt og for IT-framtida vår. Kanskje er den tida borte der vi trengde fysisk fantasi, undrar Pernille.

– Ja. Foreldra våre var også opptekne av at vi ikkje skulle vere så mykje innandørs. Når vi måtte ut så var det kanskje kjedeleg først, men så fann vi alltid på noko. Det stimulerte fantasien, seier Robert.

Dagens foreldregenerasjon er vakse opp med teknologi. Det gjer nok at mange synest det er lettvint å la borna pusle med iPaden, trur paret.

– I dag er det veldig mykje fokus på tryggleiken til barn. Og kanskje har vi mindre tillit til dei samanlikna med tidlegare. Det å la dei vere ute, bygge hytte i hagen, ringe på hjå vener og klatre i tre gjev barna både meir ansvar og meir fridom. Det er noko med det å lære å snuble og å skade seg, og vite at det går bra, seier Pernille.

Samstundes peiker ho på at leikane på 2000-talet innebar mykje kroppskontakt.

Dei understrekar likevel at det er lett å tenke at «alt var betre før.»

– Eg trur nok at foreldre kanskje er betre til å leike med barna sine i dag. Og teknologisk kunnskap vil definitivt stimulere kognitive kvalitetar, poengterer Robert.

Spel på data hindrar aktivitet
Ifølge barnelege Anne-Lise Bjørke Monsen har delen norske barn med overvekt auka frå 1970 av, og i verdssamanheng kallar ein inaktivitet og overvekt ein epidemi, også blant barn.

– Rådet frå norske styresmakter er at barn og unge bør vere i fysisk aktivitet i minst 60 minutt med moderat og høg intensitet kvar dag. Dei største trugslane mot aktvititet er lekser, spel på data/telefon/nettbrett, internettbruk og TV.

Inaktivitet vil ifølge Verdas helseorganisasjon kunne føre til ei rekkje sjukdommar, som diabetes, overvekt, kreft, beinskjørheit, depresjon, angst og kardiovaskulær sjukdom.

Legen er einig med Pernille og Robert i at færre barn er ute og leikar fysisk.

– Eg trur nok at ein er blitt meir forsiktig med å la barn leike ute og klatre i tre fordi ein er meir merksam på at dette inneber fare for at dei skadar seg, trur Bjørke Monsen.