Sunnmøringen jobbar med å omsetta grove vitsar frå amerikansk til nynorsk. Torsdag lanserte heile Noregs nynorskfavoritt det næraste han kjem ein sjølvbiografi.

mm

– Eg er aktuell med klovnemotiv på framsida av boka mi, seier Are Kalvø frå scena.

I Bikuben på Det Norske Teatret humrar publikum forventingsfult.

– Denne boka handlar i overraskande stor grad om meg. Den inneheld to delar: Ei samling av dei beste, og nokre av dei neste beste, tekstane eg har skrive for scena, samt historia om mitt liv som scenemenneske, fortel Kalvø.

Saman med gode kollegaer framfører han eit utval tekstar frå 1998 til 2015. «Barnetimen for narkomane», frå tidleg 2000-tal er ein framleis aktuell versjon av Karius og Baktus, no med Kalvø og Espen Beranek Holm i rollene.

«Du skal faen ikkje sova bort sumarnatta», rappar Kalvø og Beranek Holm saman med Charlotte Frogner. Berre kostyma frå årtusenskiftet manglar.  

 

Are Kalvø er ein av ytterst få som slepp til i Aftenpostens spalter med nynorsk. Men kva er det med Are Kalvø som gjer han til ein så folkekjær humorist?

Forlagsdirektør Edmund Austigard i Samlaget har svaret klart:

–Han fornyar seg heile tida, og han balanserer saumlaust mellom generasjonane. Kalvø er ein jordnær mann som gir publikum klok og intelligent humor, seier han.

Austigard meiner Kalvø er ein svært viktig representant for nynorsk.

– Are Kalvø er ein ambassadør utan like, og gjennom virket sitt kanskje den viktigaste talsmannen for nynorsk, seier han.

Kalvø er ikkje einig.

– Det vil eg avvise på det sterkaste, svarar han.

– Eg nyttar nynorsk fordi eg vaks opp i ei lita bygd på Sunnmøre. Resten er ein bonus.


Kalvø på scenen under lanseringa denne veka. Foto: Framtida.no

No er han i full gang med omsettinga av humormusikalen Book of Mormon, som skal setjast opp på Det Norske Teatret om eitt år. Snart skal ei utvald gruppe få høyre eit utdrag frå manus, og Kalvø inrømmer at han er spent.

– Det er utfordrande å få såpass grove vitsar til å fungere for eit norsk publikum, seier han.

Kvar søndag leverer Kalvø ei humoristisk spalte til framtida.no og Aftenposten. Til vekas nyheiter om doping og nobelpris svarar han på vegne av alle humoristar:

– Ei gåve!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

Kommentarar

ANNONSE