«Ikkje reduser debatten til ein diskusjon om nokre øre frå eller til på drivstoff»

Mari Hasle Einang og Idunn Lavik, Changemaker
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Statsbudsjettet for 2017 vart lagd fram sist veke. Som venta hadde det ikkje eit nemneverdig fokus på klima eller miljø.

Regjeringa hadde lova samarbeidspartia Venstre og KrF eit «grønt skifte», men dette var det ikkje mange spor av.

Økonomar har kalla skatteskiftet for grått, ikkje grønt, og det er i grunn ingen andre enn regjeringa sjølv som vil hevde at dette er det grøne skiftet vi treng.

Kranglar om bensin
Dieselavgifta vart auka med 35 øre per liter, og bensinavgifta aukar med 15 øre literen – og det er jo vel og bra.

Men samstundes vil regjeringa redusere skattar og avgifter relatert til eige og bruk av køyretøy, og desse to tinga samla vil ikkje føre til nemneverdige utsleppskutt.

Og viktigare: auke i diesel- og bensinavgifter er eit veldig lite tiltak sett i forhold til det som må gjerast.

Drivstoffavgift er ein liten detalj i eit massivt reknestykke, som ikkje er i nærleiken av å gå opp.

Når vår felles framtid står på spel, er det fullstendig uakseptabelt at våre politikarar vert så navleskulande at dei kranglar om minimale utsleppskutt.

LES OGSÅ: Desse studentane utforskar miljøvenleg drivstoff

Pinleg lite ambisiøst
Etter fire år ved makta er det tydeleg at regjeringa manglar handlekraft når det kjem til klima og miljø.

Dette passar ikkje godt saman med Paris-avtalen dei ratifiserte i vår, og som vil tre i kraft 4. november.

Skal Noreg vere med å bidra til at den globale oppvarminga ikkje overstig to grader på det meste, er vi nøydd å setje i gang no.

Då er det er nesten pinleg at regjeringa kan lansere eit så lite ambisiøst klimabudsjett dagen etter at det vart klart at Paris-avtalen vil tre i kraft.

LES OGSÅ: USA og Kina sluttar seg til klimaavtalen

Søkjer støtte
Vår oppmoding til støttepartia Venstre og KrF er difor denne: løft blikket og sjå på heilskapen, for det er på heilskapen vi feilar.

Ikkje reduser vår tid sin viktigaste debatt til ein diskusjon om nokre øre frå eller til på drivstoff.

Til regjeringa kan vi nesten berre anbefale eit kurs i matematikk, då det for dei fleste andre enn regjeringa er temmeleg openbert at eit utsleppskutt på 2.1 prosent innan 2030 er frykteleg langt unna dei 40 prosentane vi har lova.

Det held ikkje lenger å samanlikne seg med tidlegare regjeringar.

Det er ikkje fortida som er målestokken. Det er kva framtida krev av oss.

Les meir om statsbudsjettet her!