Denne månaden er det INKtober!

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er gøy med ei utfordring. Når du veit at du MÅ publisera kvar dag er det lettare å vera litt mindre kritisk til kva som leggjast ut, og det har eg godt av, skriv Hanne Sigbjørnsen i ein e-post til Framtida.no.

Teikneserieskaparen, som har gjort suksess med dei sjølvbiografiske refleksjonane til «Tegnehanne», er ei av dei som har kasta seg på INKtober-bølgja.

Seinast i går harselerte «Tegnehanne» med seg sjølv, fordi ho ikkje følgde opp #inktober:


Illustrasjonane er henta frå Instagram. Illustrasjon: Hanne Sigbjørnsen

Kva er INKtober?
INKtober går ut på at du skal teikna ei teikning med blekk kvar dag og posta ho i sosiale medium med emneknaggen #INKtober. 

Første gong oktober vart teiknemånaden var i 2009 då den Utah-baserte illustratøren Jake Parker ville utfordra seg sjølv til å bli betre med blekk og få betre teiknevanar.

Så langt i år har det vorte publisert over 2,5 millionar inktober-teikningar på Instagram. I tillegg finst det eit hav av godsaker på Tumblr og Twitter.

Ikkje for seint
Du treng ikkje vera teikneserieskapar eller illustratør for å vere med på INKtober. Og sjølv om me snart er halvvegs i månaden er det ikkje for seint.

– Eg visste ikkje at det var ei greie før fleire illustratørar i instagramfeeden min hadde slengt seg på. Då måtte eg googla for å finna ut kva det var. Så eg trur ikkje eg byrja før 3.oktober, skriv Hanne Sigbjørnsen.

På nettsidene til INKtober ligg ei liste med tema for kvar dag (sjå biletet), men desse har ikkje «Tegnehanne» brukt.

– Er det vanskeleg å få tid til å teikna ei teikning til dagen?

– Ja og nei. Eg har ein tendens til å utsetta det om eg ikkje har ein bra idé, men eg prøvar å vera mindre selektiv og berre teikna noko. Eg brukar i tillegg veldig kort tid på alle teikningar eg lagar, fordi eg er så utålmodig, så for min del handlar det alltid meir om motivasjon enn tid.

– Og sist men ikkje minst: Kva får du ut av det?

– Eg håper at det kan gje meg meir rutine – at eg kan fortsetja å teikna litt kvar dag. I tillegg håpar eg at eg kanskje kan bli litt flinkare. Eg prøver å eksperimentera litt med stilar her, sidan rammene legg litt opp til det, og då får eg fleire idéar til kva som funkar og ikkje.

Får du ikkje nok av «Tegnehanne»? Les portrettintervjuet om korleis ho har laga butikk av tragikomikk!

Sjå fleire INKtober-bidrag på Instagram:

#inktober

Faktaboks

INKtober reglar:

1) Lag ei blekkteikning (du kan bruka blyant-teikning under om du vil)

2) Post han på tumblr (eller Instagram, Twitter, Facebook, Flickr, Pinterest eller berre heng han på veggen din.)

3) Bruk emneknagg #inktober og #inktober2016

4) Gjenta (du kan gjera det dagleg, annakvar dag eller ein gong I veka. Det viktige er å vera konsistent. INKtober handlar om å betra seg og utvikla positive vanar.)

Kjelde: Inktober.com