Vil hjelpe folk til å forstå selfien

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Som kjønnsforskar ser eg på korleis selfiar kan vere uttrykk for leik, eksperiment med grenser og overskriding av grenser, fortel Lin Prøitz til Nynorsk pressekontor.

Med boka «Selvbilde – frå selvportrett til #selfie» prøver medievitar og kjønnsforskar Prøitz og kunstnar Eliassen å forklare kva selfiar er, kva dei er eit uttrykk for og korleis dei inngår i dagleglivet vårt.

– Selfien er også verktøyet i samtida for å uttrykkje normer, konvensjonar og forventningar til kva ein familie skal vere, korleis iscenesette kjønn og eitt av dei mange verktøya vi har til å dokumentere vår tid – noko mennesket alltid har gjort – bortsett frå at no har «alle» moglegheita, seier Prøitz.

Untitled
Frå boka Selvbilde. Foto: Kristoffer Eliassen

Maktforskyving
Prosjektet, som også kan sjåast gjennom ei utstilling ved Preus museum no i oktober, ser på korleis grensene mellom den privat og den offentlege sfæren blir viska ut.

– Det er ikkje lenger borgarskapen, kulturelle kommentatorar eller ekspertar som har einerett til medieoffentlegheita. Det har blitt ei maktforskyving ved at eit stort volum «vanlege folk» deltek i det offentlege, meiner Prøitz.

Sjølv meiner forskaren at selfien er noko som koplar menneske saman på tvers av grenser.

– Dei kan uttrykkje kvardagsforteljingar, intimitet, kjærleik, men også tap, traume og sorg. Selfien er ein sentral og visuell uttrykksform og eit krysningspunkt i samtida vår.

LES OGSÅ: Selfies kan skada sjølvbiletet, meiner forskarar

Untitled
Frå boka
Selvbilde. Foto: Kristoffer Eliassen

Sjølvsentrert?
Eliassen, som tok tredjeplassen i Sony Photography World Awards i år, har illustrert boka rikt med fotokunst. Han har også designa og produsert boka. Prøitz fortel at ideen til boka kom etter at ho og Eliassen hadde prøvd å selje eit Instagram-konsept til hotellkjeder og transportselskap.

– Utan hell. Då gjekk vi tilbake til det vi eigentleg begge kunne: sjølvframstillingar, noko Kristoffer hadde jobba mykje med som kunstnar og eg gjennom forsking på unge og mobile og sosiale medium.

Boka tek for seg ei rekkje av forløparane til selfien, men i størst grad handlar den om korleis vi kan forstå den store flaumen av digitale sjølvportrett.

– Ved å setje saman perspektiva og kompetansen vår, og kritisk reflektere over kva selfien kan vere eit uttrykk for – utover det opplagde den blir kritisert for; å vere ein sjølvnytande praksis – blei denne boka til, seier Prøitz. (©NPK)

LES OGSÅ: Det heiter ikkje: selfie – no lenger