– Tilgangen på nynorske teikneseriar er betre enn nokon gong

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Betre tilgang til teikneseriar

– Tilgangen på gode nynorske teikneseriar i dag er betre enn nokon gong tidlegare, og fleire av seriane på ressurssidene våre har vi oppdaga via nummera til Überpress, seier Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret.

Dette er ifølgje Torvund mykje på grunn av at redaktør og gründar Are Edvardsen har ein god nase for å snuse fram og utvikle spennande serieskaparar.

LES OGSÅ: Årets beste teikneserie er på nynorsk

– Prestisje å bli trykt i Über
I 2012 danna Are Edvardsen forlaget ÜberPRESS og bladet Über, eit teikneserieblad laga av unge, norske teikneserieskaparar. Bladet har hovudsete i Bergen, men tar imot bidrag frå heile landet. Mykje av innhaldet er skrive på nynorsk, og Über er støtta av Nynorsksenteret.

– Meininga er å gje norske teikneserieskaparar ein annan arena å utfalde seg på enn det som blir sett på som tradisjonelt i Norge. Ein må bli invitert til å kunne bidra, og vi kan definitivt seie at det har blitt litt prestisje å bli trykt i Über, fortel Edvardsen.  

Målet er at det norske teikneseriemiljøet utviklar seg i ei meir profesjonell og allsidig retning. Omtrent halvparten av dei 96 sidene i bladet er på nynorsk.

Eitt av bidraga er teikna av Ingeborg Wiulsrød, og handlar om ei tidsreise tilbake til 40-talet.

Etterlyste gode teikneseriar på nynorsk
Nynorsksenteret begynte å annonsere hjå Über, noko som i sin tur førte til betre ressursar for ÜberPRESS.

– Nynorsksenteret støttar Über fordi vi aksepterer bidrag både på nynorsk og bokmål. Men òg fordi vi lagar teikneseriar i sjangrar som det lagast svært lite av i Noreg elles, seier Edvardsen.

Arild Torvund Olsen i Nynorsksenteret fortel at fleire lærarar kontakta dei, og etterlyste gode teikneseriar på nynorsk, som dei kunne nytte i klasserommet.  

– Tilgang på gode og varierte tekstar er viktig for nynorskbrukarane, både i skulesamanheng og elles. Det handlar om å få møta språket sitt både i lystlesinga heime og i skrivetreninga på skulen, og det handlar om å sjå at zombie-seriar og science fiction på nynorsk er like naturleg som lyrikk på nynorsk, seier Torvund.

LES INTERVJU MED TEGNEHANNE: – Tragikomikk er lett når ein har det kjipt

Faktaboks

ÜberPRESS er eit norsk forlag som spesialiserer seg på norske teikneseriar

Held til i Bergen

Starta i mars 2012 av Are Edvardsen, Gard Helset og Johann Grimstvedt

Har bidragsytarar frå heile landet

Hovudutgjevinga til ÜberPRESS er antalogien Über, som kjem ut to gongar i året. Dei blir lansert i Oslo Comics Expo og på Raptus kvart år

Bidragsytarane får eit lite honorar, mens redaksjonelt arbeid er frivillig. I tillegg til Nynorsksenteret bidrar også Norsk Kulturråd med økonomisk støtte

Kvart nummer har eit tema. Desse har vore ÜberZombie og ÜberMaritimt (2012), ÜberViking og ÜberHorror (2013), ÜberWestern og ÜberSci-fi (2014) og ÜberFantasy og ÜberApokalypse (2015) og ÜberEventyr og ÜberKrig (2016).

Kjelde: ÜberPRESS, A. Edvardsen