Framtida
Publisert
Oppdatert 11.06.2017 21:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det går an å leve som teikneserieskapar gjennom hardt arbeid og ved å vere aktiv i miljøet. Men det er nok vanskeleg å få ting publisert, og ein blir ingen millionær, seier Ingeborg Wiulsrød (20) frå Bærum.

Ho går no andreåret på Kunst- og designhøgskulen i Bergen, der ho studerer visuell kommunikasjon. Drøymen er å kunne jobbe som designar og teikneserieforfattar.

LES OGSÅ: Årets beste teikneserie er på nynorsk

– Prestisje å bli trykt i Über
– Stort sett produserer ein no digitalt, og legg arbeidet sitt ut på nettet, forklarar 20-åringen, som òg er aktuell som bidragsytar i teikneseriebladet Über.

Über vart danna i 2012 av Are Edvardsen og dei andre gründarane bak forlaget Überpress. Bladet, som kjem ut som to temanummer årleg, vert laga av unge, norske teikneserieskaparar. Über har hovudsete i Bergen, og tar imot bidrag frå heile landet. Mykje av innhaldet er skrive på nynorsk, og Über er støtta av Nynorsksenteret.

– Meininga er å gje norske teikneserieskaparar ein annan arena å utfalde seg på enn det som blir sett på som tradisjonelt i Norge. Ein må bli invitert til å kunne bidra, og vi kan definitivt seie at det har blitt litt prestisje å bli trykt i Über, fortel Edvardsen.

LES OGSÅ: Nynorsk-zombiar inntek festival

Krig i Bergen
Sist ut er temaet krig. Ingeborg sitt bidrag her er ei teikneserienovelle der to personar vert transportert tilbake til 40-talet, då Andre Verdskrig herja i Noreg. Der prøver dei å unngå at ein eksplosjon skal gå av midt i Bergen sentrum.

– Eg likar å skrive om tidsreiser, for det opnar for mange mogelegheiter. I tillegg prøvde eg å få med litt historie om kva som hende då båten Voorbode eksploderte i Vågen 20. april 1944. Det er vanleg i utlandet at ein har blader med lengre historier, medan i Norge er det nesten berre korte striper.

Ingeborg Wiulsrød foto: Elise Løvereide

– Korleis kjem du på ideane til historiene?

– Eg blir inspirert av musikk. All musikk gjev ei stemning som kan fortelje ei historie, sjå berre på filmmusikk. Og når eg tenker på ei fortelling, ser eg for meg teikninga samtidig, seier ho.

Meir kjønnsbevisste
– Kor mange jenter er det i teikneseriemiljøet?

– Det har nok vore nokså mannsdominert, men i dei siste utgåvene av Über har det vore ei jamnare fordeling. Eg trur ein har blitt meir bevisst på å ta med bidrag frå både menn og kvinner.

Under kan du sjå glimt frå teikningane til Ingeborg:

@nuffedilla.art