Finst det noko tøffare enn tog?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I verkelegheita gjekk dette toget i 180 kilometer i timen, seier Erlend Klopstad Hernar frå Knarrevik, og vrir om på fjernkontrollen.

Lego-modellen av det amerikanske toget «Daylight Limited» frå 1940-talet kjem ut av sidesporet, og tek nokre rundar i legolandsbyen på messebordet.

Tek fleire månader
Norsk Jernbaneklubb sin avdeling i Bergen arrangerte i helga sin 27. modelljernbanemesse, der 24 modellutstillarar hadde møtt opp for å visa fram alt ifrå tog- til fly- og bilmodellar fordelt på golv, og store bord. Med alt frå enkle spor, til spor i kunstig landskap og med heilautomatisk elektrisk styring via datamaskin.

– Eg har likt tog sidan eg var fire år. Særleg damplokomotiv, seier Klopstad Hernar, og peikar på legomodellen sin av eit Shay-damplokomotiv.

– Eg likar røyken og måten dei køyrer på, held han fram.

Det vrimlar av folk som går forbi og som kikar på kreasjonane hans. Det er sjette året han står her med eigen stand.

– Kor lang tid brukar du på å laga eit tog?

– Det tek to månader å laga kvart av togsetta. Medan eit toghus tek om lag ein dag å byggja når ein først har teikningar og klossar klare. Totalt har eg brukt to år på å laga alt det eg har med meg på messa her i dag, seier tog-entusiasten.

I tillegg til Daylight og Shay-togsettet står også fire andre klassiske tog parat. Og ein etter ein fer dei rundt og rundt skaparen sin.

Arrangøren reknar med at omlag 2.000 personar tok turen til turnhallen på Slettebakken i Bergen i helga. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN


Bestiller på nett
Ein skulle kanskje tru at Erlend berre sit seg ned og byggjer. Slik ein gjerne har gjort sjølv som legobyggjar. Men her er det altså nitidig planlegging bak.

Først finn han fram fleire bilete av toget han ønskjer å byggja. Studerer dei nøye, og startar design av toget i eit eige dataprogram laga av den danske klosseprodusenten Lego. Etter eit par månader med designarbeid, er det tid for å bestilla klossane over nettet. Og til slutt står sjølve bygginga.

– Eg interesserer meg for vanlege tog også. Men det går mest i Lego. Då styrer eg alt sjølv, og kan laga det eg vil, seier Erlend.

– Kva er det med modelljernbanemessa som er så kjekt?

– Ved å byggja og visa fram kva eg har laga, så får eg kanskje inspirert andre. Eg vil visa at det går an å laga akkurat kva du vil. Og at ein ikkje treng kjøpa seg ferdige byggjesett.

Modellhusa Erlend har laga er ei blanding av forskjellige typar legohus som han har laga opp gjennom åra. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN


Fritidshobby for alle
I tillegg til utstillarane, var det også eit drøss forhandlarar, og ein kafe på staden. Om lag 2.000 personar var innom 1. og 2. oktober.

– Me kunne hatt fleire innom, det hadde me takla. Men eg synest oppmøtet er bra med tanke på trenden. Me er også avhengige av at det ikkje skjer så mykje anna i byen denne helga. Det beste me har hatt nokosinne er nok dei 2.600 som løyste inn billett i 2009. Under 20 års-jubileumet vårt, seier messegeneral Ole Palerud.

– Korleis er interessa for modelljernbanar?

– Når folk kjem på besøk så er jo interessa stigande. Men me får ikkje mykje nye medlemmar. Og dei som me får drar gjerne opp snittalderen for å seia det slik. Det er ofte folk som har pensjonert seg, og som endeleg har fått tid til putla på med hobbyen sin. Ein hobby som har lagt brakk sidan dei var ungdom sjølv. I tillegg så får dei jo barnebarn, som også hjelper på motivasjonen, seier Palerud, som på ingen måte har problem med å anbefale modelljernbane som fritidssyssel.

– Har ein det hektisk på jobben, så er det terapi. Ein er heime. Samstundes som ein kan pitla på med noko anna enn å sjå på fjernsyn, eller gå andre stader, seier han.

Håkon Fivelstad Steine (5 1/2) og onkel Magnus Pedersen frå Arna, storkoste seg på modelljernbanemessa. – Eg synest det er tøft å sjå på toga medan dei køyrer, seier Håkon. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Her er det ein NSB-skalamodell som susar over ei lita bru på ein av dei mange landskapsmodellane i turnhallen. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Her er det ein NSB-skalamodell som susar over ei lita bru på ein av dei mange landskapsmodellane i turnhallen. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Les saka i Magasinett!

Faktaboks

Modelljernbane
• Ein modelljernbane (ofte kalla MJ), er ein modell av ein jernbane eller av element på ein jernbane. Særleg lokomotiv, vogner og spor.
• MJ er først og fremst ein teknisk hobby, men nyttast også i profesjonelle samanhengar.
• Modelljernbane som hobby går tilbake til siste halvdel av 1800-talet. Først som modellar rett på golvet, med dampmaskin, urverk eller elektrisk framdrift. Medan det mot slutten av det same århundret kom skinner som toga gjekk på. Etterkvart kom også anna jernbaneinfrastruktur på plass.
Kjelde: Wikipedia