Ungdomar jublar for Nobelprisen til Colombia

– Denne fredsprisen gjer at fleire ungdomar kan få draumane sine oppfylt, seier Operasjon Dagsverk-leiar Olav Brekke.

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomar jublar for Nobelprisen

I dag vart Colombias president Juan Manuel Santos tildelt Nobels fredspris for arbeidet med å skape fred i landet.

Olav Brekke, leiar i Operasjon Dagsverk (foto: Operasjon Dagsverk).

Svært viktig for ungdomar i Columbia
– Eg er veldig, veldig glad for at Colombias president er tildelt Nobels fredspris, sjølv om folkeavstemninga forrige helg ikkje gjekk som vi hadde håpt, seier Olav Brekke, leiar i Operasjon Dagsverg (OD) (pressefoto: OD).

Han meiner dette er eit viktig steg for ungdommane i Colombia.

– Columbiansk ungdomar ynskjer seg fred, ikkje krig. Denne fredsprisen gjer at fleire ungdomar kan få draumane sine oppfylt, seier han.

– Den columbianske konflikten har ikkje vore så veldig synleg før fredsavtalen og nobelprisen, og eg håpar verkeleg at dette vert eit initiativ til å fortsette forhandlingane om fred i Colombia, fortsett han.

Fredsavtale som inkluderer lokalsamfunna
OD arbeider i lokalsamfunna i Colombia, for at urfolk, ungdomar og born skal få rettar og ei framtid med fred.

– Prisen vil gjere at regjeringa og FARC vil kunne fortsette forhandlingane om ein varig fredsavtale, trur Brekke.

Brekke meiner også at det er viktig at fleire andre grupper i Colombia får delta i forhandlingane om fred i landet.

– Eg håpar at forhandlingane framover kjem til å involvere sivilsamfunnet og innbyggarane i Colombia. Det er viktig at stemma til innbyggarane kjem inn i avtalen, slik at avtalen vert mellom staten, FARC og folket, seier Brekke.

OD-dag for ungdomar i Colombia
3. november blir OD-dagen arrangert på skular i heile Noreg. Leiaren har store forventingar til aksjonen og til resultata av arbeidet.

– Eg håpar at fleire skuleelevar i Noreg vil delta i OD-dagen i år. OD arbeider mellom anna med opplæring av ungdomsaktivistar og tilrettelegging for forsoning i i lokalsamfunna.

– Å framforhandle ein avtale om fred er eit viktig steg, men det er minst like viktig å følge opp arbeidet for fred i tida framover, avsluttar han.

 LES OGSÅ: Skuffa over nei til fredsavtale i Colombia