– Klara Klok er eit livsviktig tilbod

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me meiner det er uansvarleg å ikkje sikra finansiering av Klara Klok. Om ein mistar det einaste slike tilbodet som finst er det urovekkjande, seier Sirianna Pettersen i Ungdommens fylkesråd i Nordland på telefon til Framtida.no.

I forslaget til statsbudsjett som vart lagt fram i går foreslår Høgre og Frp å kutta driftsstøtta til Klara Klok – ei digital spørjeteneste på nett som har vorte drifta av Nordland fylkeskommune sidan år 2000. I 2014 vart spørjesida Klara Klok redda av Helsedirektoratet.

– Livsviktig tilbod
Sirianna Pettersen kallar Klara Klok «eit livsviktig tilbod».

I 2015 hadde netthelsetenesta 1,4 millionar unike brukarar. Så langt i 2016 har Klara Klok hatt ei trafikkauke på 30 prosent, samanlikna med 2015. I fjor stilte ungdom heile 55 000 spørsmål, og så langt i år ser det ut til å verte endå fleire.  

– Dei får henvendingar av ungdommar som fortel at dei har blitt voldteken, seksuelt misbrukt, eller har opplevd andre traumatiske hendingar. Det kan òg vera ungdom som seier at dei planlegg å ta sitt eige liv. Om du går inn og les er det ganske ekstreme ting, seier Pettersen.

At tenesta òg når ut til unge gutar meiner ho er ekstra viktig, då dette er ei gruppe som kvir seg for å oppsøke helsetenester.

Klara Klok
Skjermdump: Klara Klok

Ny info-portal
I budsjettet heiter det at dei 1,8 millionane som tidlegare har gått til Klara Klok, skal gå inn i ei ny satsing på førebyggjande digitale helsetenester retta mot ungdom. 

Ungdommens fylkesråd i Nordland  har følgt saka i lengre tid, men Pettersen kan ikkje hugsa at situasjonen har vore like alvorleg tidlegare. Ho har sjølv vore i kontakt med Helsedirektoratet, som førre månad ikkje hadde fått nokon oppgåveskildring om å utvikla det nye tilbodet.

Ungdommens fylkesråd i Nordland fryktar difor at Klara Klok vert lagt ned, og at ungdom då står utan eit lågterskeltilbod på nett som er kvalitetssikra, anonymisert og gjev raske svar – sjølv i sommarferien.

– Det me er oppteken av er at det til ei kvar tid finst eit slikt tilbod til unge, ikkje kva det heiter og kor det ligg. Når det er sagt så er Klara Klok ein merkevare. Det er viktig at dei erfaringane Klara Klok har blir tatt med i det nye prosjektet, meiner Pettersen.

LES OGSÅ: Ikkje berre «flinke piker» som slit psykisk

Ingelin Noresjø, Nordland KrF. Pressefoto– Ikkje snakk om å leggja ned Klara Klok 1. januar
Nordland fylkeskommune har kome fram til at det ikkje er økonomisk forsvarleg å drifta Klara Klok utan vidare statsstøtte, men i ei pressemelding i torsdag kveld skriv fylkeskommunen at dei står klar til å drifta den nye spørjetenesta for ungdom som Helsedirektoratet skal utvikla.

– For Ungdommens fylkesråd verkar det underleg at fylkeskommunen går ut i frå at arbeidet vil resultere i ei «ny spørjeteneste for ungdom», og at dei vil vera aktuelle til å driva denne, skriv Pettersen i ein ny e-post til Framtida.no.

Fylkesråd for kultur, miljø og folkehelse, Ingelin Noresjø (KrF) har fått fleire spørsmål om saka og hadde torsdag eit møte med Helsedirektoratet.

– Sjølvsagt skapar dette uro. Men me har fått lovnadar om at Klara Klok ikkje skal leggjast ned før eit anna alternativ er på plass. Så det blir ikkje snakk om å leggja ned Klara Klok 1. januar, skriv ho i ei pressemelding til Framtida.no. (Pressefoto)

Les siste nytt om statsbudsjettet her!