– Hårreisande lite til helsesøstrer
Unge Funksjonshemmede fryktar pengane forsvinn om ein ikkje øyremerkar pengane til skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Barn og unge har ikkje eit reelt lågterskeltilbod i helsetenesta i dag. For å gje ungdommane eit godt tilbod må regjeringa auke løyvingane til skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom, seier Camilla Lyngen, styreleiar i Unge Funksjonshemmede i ei pressemelding.
Berre 1,4 prosent av norske skular har helsesøster til stades kvar dag og det er store variasjonar mellom kommunane. Det viser ei undersøking TNS Gallup tidlegare i år gjorde på oppdrag frå Landsgruppa av helsesøstrer i Norsk Sykepleierforbund (NSF)
Les meir: Ingen fylke har nok helsesøstrer
I 2016 sette regjeringa av 300 millionar ekstra til skulehelsetenesta og helsestasjon. Samarbeidspartiet KrF sikra den gong at 100 millionar vart øyremerkte.
I forslaget til statsbudsjett for 2017 har regjeringa vidareført desse pengane og lagt på nye 50 millionar er frie midlar gitt til kommunane for å styrka helsestasjon- og skulehelsetenesta.
Både Elevorganisasjonen og Unge Funksjonshemmede kjempar nok ein gong for at pengane skal verte øyremerkte, slik at dei kjem fram.
– Dette er ikke nok til å dekke det enorme underskuddet på helsesøstre. Dersom dette er regjeringas innsats for å styrke skulehelsetenesta er det hårreisande dårleg. Tidlegare erfaring viser heilt klart at frie midlar ikkje fører til den auka i talet på helsesøstrer som har vore intensjonen, kritiserer Lyngen.
Ho reagerer òg på at regjeringa kuttar støtta til spørjetenesta Klara Klok, før dei har på plass eit nytt tilbod.