Historikar Aina Basso får ein stygg bismak i munnen mot wicca si romantisering av heksene. Forfattaren er aktuell med ei ny ungdomsbok om hekseprosessane i Europa.

– Eg har ei interesse for undertrykte, gløymde og marginaliserte grupper, som historisk sett ikkje har vore viktige nok til å skriva om før. For det er mykje historie skrive av menn, for menn, om menn, seier Aina Basso.

Forfattaren og historikaren frå Giske i Møre og Romsdal er aktuell med Heksejakt – ei sakprosabok for unge utgitt på Samlaget. Arbeidet er ein del av Samlaget si satsing på nynorsk sakprosa for unge, som i dag er mangelvare.

Vas om vassprøva
Med Heksejaktfølgjer Basso opp tematikken frå Inn i elden (2012), som vart nominert til både Brageprisen og Nordisk råds litteraturpris. Den historiske ungdomsromanen om skjebnen til 16 år gamle Elen tek utgangspunkt i hekseprosessane i Finnmark.

I Heksejaktutvidar Basso perspektivet og tek sikte på å gje unge lesarar ei enkel innføring i heksejakta, som kosta mange uskuldige kvinner og menn livet i Europa frå 1500- til 1700-talet.

Forfattaren meiner at folk veit for lite om omfanget av hekseprosessane, og at det er ein del misforståingar om korleis det faktisk føregjekk.

– Ta denne vassprøva, der dei skulle teste om ei kvinne var heks eller ikkje. Dei fleste eg har snakka med – vaksne og barn – trur at om kvinna sokk, så døydde ho uansett, men i Noreg veit me berre om éin person som døydde under vassprøva, seier Basso.

Truleg vart rundt 100 000 personar skulda for å vere trollkvinner og menn – av desse vart rundt halvparten avretta. I Noreg vart kring 800 skulda og for trolldom. Av desse vart 307 dømde til døden ved henging, halshogging eller at den dømte vart knytta fast til ein stige og velta inn i eit bål, der personen vart brent levande.

Med 25 000 avrettingar er Tyskland det europeiske landet som hadde dei mest omfattande hekseprosessane, men samanlikna med innbyggjartalet var det ille i Norden òg. Særleg Finnmark var hardt råka: i dette fylket budde nesten éin av tre som vart avretta for trolldom i Noreg.

Aina Basso Heksejakt Illustrasjon: Christian Bloom, Samlaget
I Noreg vart dei fleste som vart dømde for trolldom knytta til ein stige og brende levande. Ein trudde elden reinsa personen. Illustrasjon: Christian Bloom/Heksejakt

Feministisk perspektiv
For historikaren er det viktig at folk skal forstå den store uretten som skjedde i Europa i det me kallar tidleg moderne tid.

– Dette var eit gigantisk overgrep mot uskuldige menneske. I stor grad var det kvinner som vart råka – om lag 80 prosent av dei som vart dømt som hekser var kvinner. Eg tenkjer at Noreg har lært av denne historia og ikkje kjem til å byrja å brenne kvinner att, men dette er noko som framleis føregår i andre land, seier Basso.

Forfattaren siterer hekseforskar Rune Blix Hagen ved Universitetet i Tromsø, som har uttala i eit intervju at det har blitt brent fleire hekser i afrikanske land dei siste femti åra enn det vart i Europa på nokre hundreår. Ho tykkjer det er skremmande at verdssamfunnet ikkje føler meir ansvar for å hjelpe, og nettopp difor er det viktig å læra av historia.

– Dette er noko som føregår i andre delar av verda. Det er viktig at barn i dag veit at det samfunnet me lever i ikkje alltid har vore slik. Kanskje opplever ein at det er ein stor forskjell mellom Noreg og andre delar av verda, men om ein går nokre hundre år tilbake i tid så er det mykje meir likt, seier Basso.

Historisk vekking
Aina Basso trur at dei forferdelege hekseprosessane kan vere ei opning inn til ei historieinteresse for ungdom.

Eg trur folk er interesserte fordi det er uforståeleg for oss, forferdeleg, provoserande, trist, men også fascinerande og spennande. Det er ein dramatisk og actionfylt del av historia vår der ting skjedde, som vi er glade for at vi slepp å oppleve sjølve og som vi gjerne vil vite meir om. 

Likevel tykkjer ho ikkje at all moderne hekseinteresse er av det gode. Den nyreligiøse wicca-rørsla, som har fått ein bisetning i boka, gjev forfattaren ein vond bismak.

– Eg synest det er litt romantisering av hekseskikkelsen, det er den sterke kvinna eller den kloke kona, som wicca fokuserer på. Som dreiv med kvit magi å sa overmakta imot. Men det var så mange andre. Det var så mange uskyldige, gamle og triste skjebnar.  

LES OGSÅ: Intervju med wiccaheksa Anniken (22)

Tysk illustrasjon av hekseprosessane. Foto: Wikipedia

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

Kommentarar

ANNONSE