SKALD forlag og Framtida.no presenterer Jon Fosse LIVE på Facebook i dag klokka 12.00! Sjå opplesinga av Forvandlinga av Franz Kafka her.

mm

I DAG KLOKKA 12.00 les den verdskjende dramatikaren Jon Fosse live frå æresbustaden Grotten i Slottsparken i Oslo.

Sjå LIVE-sendinga her på på Framtida.no eller på Facebook-sida vår.

Det er svært sjeldan at Jon Fosse les offentleg, og det er mange år sidan han har gjort det i ei direktesending.

Kafka på nynorsk
Jon Fosse har for fyrste gong omsett Franz Kafka sin klassikar Forvandlinga og andre forteljingartil nynorsk. Boka kjem ut på forlaget SKALD, og er den første i ein serie med nynorske verdsklassikarar.

Jon Fosse fortalde til Framtida.no i går om første gongen han las Franz Kafka som ungdom.

– Eg opplevde mi eiga verd, det eg sjølv røynde, på ein annan måte, sa han.

Fortset frå Stord og Jostedalen
Livesendinga held fram frå Stord vidaregåande skule frå klokka 12.15. Her er det elevar frå fire klassar som står for opplesinga.

Klokka 16.30 går turen til Jostedalen i Sogn og Fjordane der Noregs Mållag skal runde av opplesinga.

Livesendinga er eit samarbeid mellom Framtida.no, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og SKALD forlag.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

Kommentarar

ANNONSE