– Høgre og FrP sviktar ungdomsfrivilligheita

Regjeringa kuttar tre firedelar av støtta til frivillige ungdomsorganisasjonar. Senterungdommen og LNU rasar.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Høgre og FrP sviktar frivilligheita

Torsdag 6. oktober la regjeringspartia Høgre og Frp fram sitt forslag til statsbudsjett for 2017.

Med 225 milliardar kroner legg dei blåblå opp til rekordhøg oljepengebruk. Regjeringa vil gje det norske folk 2,8 milliardar i skatte og avgiftslette, melder E24.

90 prosent kutt på to år
Tilskot til frivillig arbeid for barn og unge er eitt av områda der regjeringa foreslår å kutta drastisk i 2017.

Budsjettposten er i forslaget redusert frå i overkant av 21,4 millionar til knappe knappe 6 millionar.

Dette er eit kutt som opprørar leiar i Senterungdommen Erling Laugsand.

– Det er uforståelig at det er barn og ungdom som skal betala for regjeringas skattekutt til dei rikaste gjennom redusert støtte til frivillig arbeid, seier han i ei pressemelding.

I 2015 fekk frivillig arbeid for barn og unge 55,5 millionar i statsbudsjettet. Det betyr at støtta til ung frivilligheit har blitt kutta med nesten 90 prosent dei siste to åra.  

–  Ikkje rart kulturministeren reiste til Vatikanet
Òg Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) er skuffa over budsjettet.

– Med dette frivilligheitsbudsjettet er det ikkje rart at kulturminister Linda Hofstad Helleland har reist til Vatikanet. Dette er fullstendig ambisjonslaust, seier styreleiar Stian Seland.

Ifølgje rapporten «Ung frivillighet 2016», som vart lansert tidlegare denne veka, fekk norske barne- og ungdomsorganisasjonar 13 000 nye medlemmer i fjor.

– Samstundes står støtta til organisasjonane stille. Når fleire må dela på den same kaka, seier det seg sjølv at det blir mindre til nokon. I realiteten stikker regjeringa kjeppar i hjula for organisasjonane sin vidare vekst, seier Seland.

LNU, som er paraplyorganisasjon for 95 frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, reagerer på at verken grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonane eller momskompensasjonsordninga for frivilligheit aukar nok til å ta igjen prisveksten.

Frifond i fri flyt
Regjeringa forslår òg at midlane til ordninga Frifond framover skal finansierast av spelemidlar til kulturformål. LNU forvaltar Frifond, som er eit fond der ungdommar kan søkja støtte til sine eigne kulturprosjekt.

Laugsand meiner konsekvensen vert mindre forutsigbarheit for barn og unge som sjølv tek initiativ til å skapa aktivitetar i sine lokalmiljø.

– Me i Senterungdommen meiner det må satsast meir på frivillig arbeid for barn og unge. Det har ikkje berre ein verdi i seg sjølv, men gir verdifull læring, integrering, sosiale fellesskap og trivsel. Senterungdommen vil kjempa imot denne nedprioriteringa av ungdomsfrivilligheita, seier Laugsand.