Les Kafka på nynorsk – direkte frå Grotten, Stord og Jostedalen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sender direkte frå Grotten og Vestlandet

Den verdskjende dramatikaren Jon Fosse har omsett Forvandlinga og andre forteljingar av Franz Kafka til nynorsk for første gong. Boka er den første i ein serie med verdsklassikarar på nynorsk som SKALD forlag skal gi ut.

Torsdag 6. oktober klokka 12 les Jon Fosse live frå æresbustaden Grotten i Slottsparken i Oslo gjennom Framtida.no.

– Spennande
Etter at Fosse har lese starten på forteljinga, tar elevar frå fire klassar ved Stord vidaregåande over.

– Det blir spennande at skal vera live-streaming, seier Andrea Hollund i andreklasse medium og kommunikasjon ved Stord vidaregåande skule. Det er første gong elevane er med på ei slik liveopplesing.

Elevane i klassen hennar held på med ungdomsbedrifta PanoMedia og skal filma på Stord. Dei får òg i oppdrag å laga ein video av heile sendinga i etterkant.

LES OGSÅ: Ragnar Hovland: – Ungdomsbøker er ein nokså meiningslaus sjanger

Elevane i MK2-klassen ved Stord vidaregåande har øvd seg på å laga plakatar for Forvandlinga av Kafka.

Før dei blei med på prosjektet hadde elevane knapt høyrt om Franz Kafka. Forfattaren er kjent for fleire meistermerk – blant anna Prosessen, som av mange blir rekna for ein av dei viktigaste romanane i verdslitteraturen.

Forvandlinga er eit av dei mest nyskapande verka i det 20. århundret, og dei andre fire forteljingane er kanskje nokre av dei meste sentrale verka i Kafkas livsverk. Det er i forteljingane Kafka fann sitt utgangspunkt for dei i dag kanskje meir kjende romanane som han aldri rakk å ferdigstille før han døydde, seier forlagssjef Simone Stibbe i Skald forlag.

Sjeldan Fosse-opplesing
Etter at elevane på Stord er ferdig med sin del, går turen til Jostedalen i Sogn og Fjordane. Der skal Noregs Mållag fullføre opplesinga av forteljinga. Livesendinga er eit samarbeid mellom Framtida.no, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og Skald forlag.

Jon Fosse seier sjølv at han takkar nei til nesten alle invitasjonar han får, anten det gjeld å lesa opp, halda føredrag eller å sjå nye produksjonar av stykke. Denne gongen gjer han eit unntak.

– Det får gå som det må! seier forfattaren sjølv om opplesinga.

LES OGSÅ: Feirar Roald Dahl med ny nynorsk gjendikting

Gudfar for serien
Det er ikkje tilfeldig at Jon Fosse står bak den første utgivinga. Nasjonaldiktaren kan godt kallast gudfaren for serien, han har i over 30 år hatt som hjartesak å lage ein serie med det beste frå verdslitteraturen på nynorsk. Fosse er også nøgd med at det er eit lite forlag som Skald midt i Nynorsklandet som har gitt liv til denne serien. 


– Dette er målreisingsarbeid av beste slag, seier Fosse entusiastisk.

LES OGSÅ: Harselerer med Jon Fosse, laksenæringa og norsk utanrikspolitikk

► Torsdag 6. oktober strøymer Framtida.no Jon Fosse som les frå Forvandlinga live klokka 12.
► Fosse har for fyrste gong omsett Franz Kafka sin klassikar til nynorsk på forlaget Skald. Opplesinga er Fosse si fyrste på mange år.
► Livesendinga på Facebook fortset frå Stord og deretter frå Jostedalen, med lesing frå resten av forteljinga.
► I samband med dette ynskjer me å setja fokus på korleis klassikarane er aktuelle i dag.

Faktaboks

• Franz Kafka var ein tyskspråkleg forfattar. Det mest kjende verket hans er romanen Der Process (Prosessen). Romanen skildrar ein person som er utsett for uklåre skuldingar av eit ugjennomtrengeleg rettssystem. Av dette kjem nemninga Kafka-prosess.
• Kafka vart fødd i 1883 i ein tyskspråkleg jødisk familie i Praha. Han tok eksamen i jus i 1906, og arbeidde deretter for eit forsikringsselskap. Samstundes skreiv han på fritida. I 1917 vart han ramma av tuberkulose.
• Kafka sitt tilhøve til den dominerande far sin var eit viktig tema i arbeida. I 1923 flytta han til Berlin i von om å koma vekk frå familien sin påverknad, og konsentrera seg om å skriva. Sjukdommen vart likevel verre, og han reiste attende til Praha. Han døydde 3. juni 1924.
• Kafka publiserte berre nokre få korte historier medan han levde, som berre utgjorde ein liten del av arbeidet. Han fekk difor ikkje stor merksemd i si levetid. Før han døydde, bad han venen og forleggjaren Max Brod og hans elskarinne Dora Dymant om å øydeleggja alle manuskripta hans. Dymant øydela lojalt dei manuskripta ho hadde, men Brod fylgde ikkje Kafka sine instruksar, og valde i staden å publisera dei.